Skal kartlegge samanheng mellom sosiale medium og psykisk helse

I dag går det ut ein SMS til bergenselevane våre i vidaregåande opplæring om å delta i ei spørjeundersøking om sosiale medium, psykisk helse og trivsel.

Tre tenåringsjenter med mobil.
ØNSKJER KUNNSKAP: Utgangspunktet for prosjektet er ubalansen mellom den utstrakte bruken av sosiale medium blant ungdom og mangelen på kunnskap om korleis dette påverkar deira helsa og trivsel. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock).

I undersøkinga vil elevane bli spurde om å fylle ut eit spørjeskjema om mellom anna fysisk og psykisk helse, trivsel, helsevaner, åtferd og sosiale medium. Det er frivillig å delta i undersøkinga, ungdomane må samtykke via Bank-ID og vere over 16 år. Dei blir òg med i trekninga av 10 gåvekort à 500 kr.   

Dette er den første undersøkinga av sitt slag her i landet, og funna er viktige for å få kunnskap om samanhengen mellom sosiale medium, psykisk helse og trivsel. Prosjektet er eit samarbeid mellom Bergen kommune, Vestland fylkeskommune, FHI og Høgskulen på Vestlandet, og undersøkinga vil gi ny og viktig kunnskap som er relevant for alle partar.

Del to av fleirårig undersøking

Undersøkinga er i fleire delar. Hausten 2019 vart det gjennomført gruppesamtalar med elevar og tilsette ved nokre skular i Bergen. Dette var med på å utvikle eit spørjeskjema som om lag 2100 elevar ved vidaregåande skular i Bergen svarte på hausten 2020.  

No er det den avsluttande runden av datainnsamling som alle elevar i vidaregåande skule er inviterte til å svare på. I utgangspunktet skulle elevane gjennomføre spørjeundersøkinga på skulen, men ho vil no bli sendt til elevane på SMS.  

Tiltak i 2022 

– Dette vil gje oss god kunnskapsoversikt over korleis bruk av sosiale medium heng saman med den psykiske helsa og trivselen til unge, og korleis det kan utvikle seg over tid. Resultat frå dette arbeidet vil danne grunnlaget for utviklinga av nye tiltak. Desse tiltaka skal prøvast ut og evaluerast våren 2022, seier Laila Christin Kleppe, seniorrådgjevar i avdeling for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune.  

Kva skjer med svara? 

Informasjon frå undersøkinga skal lagrast sikkert hos Folkehelseinstituttet. Informasjon som vert gitt vil bli avidentifisert før analysearbeidet startar. Dei som skal arbeide med denne informasjonen vil difor ikkje ha mogelegheit til å spore tilbake direkte til den som svarte. Direkte identifiserbare opplysningar vil bli lagra på sikker sone ved Folkehelseinstituttet. Prosjektet blir avslutta våren 2029.