Sjølvtesting avdekka seks symptomfrie smitta elevar

Heile seks elevar utan symptom fekk førre veke avdekka covid-19-smitte takka vere sjølvtesting på skulane. Meir behageleg testmetode har auka deltakinga.

prøvetaking
TESTAR: Etter at naseprøven er tatt og blanda med væske frå eit lite røyr, må elevane overføre væska på ein brikett. Denne legg dei i ein konvolutt som dei skriv namn og klokkeslett på, og leverer til sjukepleiarane. Foto: Jennifer Fossnes/Vestland fylkeskommune

Totalt har elevar og tilsette ved dei vidaregåande skulane i Vestland testa seg sjølve 45 474  gongar sidan starten i veke 11. Testinga har totalt avdekka 10 faktiske tilfelle av covid-19. Ein prøve som kom ut positiv blei avkrefta (falsk positiv) av laboratorieanalysar helt i starten av pilotperioden.

Utan symptom

Denne veka var det seks elevar som testa positiv gjennom sjølvtesting. Ingen av elevane hadde symptom på korona.

– Det å finne positive tilfelle så tidleg, og på elevar utan symptom, er med på å forhindre smitteutbrot på skulane, seier Bjørn Lyngedal, direktør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune. Han legg til at det alltid er viktig å halde stor merksemd på smittevern.

– Det er ein del smitte i Bergen for tida. Då blir det endå viktigare med ofte testing av elevane, og å følgje opp med tiltaka på skulen, seier han.

Fleire testar seg etter meir i behageleg testmetode

Denne veka har elevane fått ein ny og meir behageleg testmetode. Nå kan dei ta ei såkalla fremre naseprøve. Det vil seie at dei som testar seg ikkje treng å dytte pinna heilt bak i nasen, men kan ta prøva to cm inn i begge nasebor.

Då det tidlegare var opp mot 90 prosent av elevane som deltok i den frivillige testing tidlegare, har deltakinga blant elevane no auka til 91 prosent.

– Det er veldig flott at deltakinga aukar og at dei aller fleste vil dela. Det er og positivt at vi har fått prøvepinner som gir mindre ubehag. Det gir ein lettare prøvetaking og kanskje mindre fare for prøvefeil på denne måten, seier Bjørn Lyngedal.

– Til å stole på

Blant dei seks funna denne veka var det ingen falske positive.

– Det er oppsiktsvekkande, og viser at kvaliteten av testen er veldig god og til å stole på, påpeikar Lyngedal.  

Pilotprosjektet i Vestland held fram til siste veke i mai. Du kan følgje prosjektet og rapporteringane på denne sida https://www.vestlandfylke.no/om-oss/beredskap/korona/status-pilotprosjekt-koronatesting-av-elevar-ved-to-vgs/