Siste salve i verdas lengste sykkeltunnel

– Dette er ein milepæl for Bybanen og for gåande og syklande, sa fylkespolitikar Jannicke Bergesen Clarke då ho 30. august fyrte av siste salve i sykkeltunnelen mellom Fyllingsdalen og Kristianborg.

GJENNOMSLAG: Fylkespolitikar Jannicke Bergesen Clarke fyrer av den siste salven, godt instruert av Åsmund Ellingsen, administrerande direktør i Marti Norge, som utfører tunnelarbeidet. Anleggsleiar Urban Hepner i midten. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)

Dette skal bli den lengste sykkeltunnelen i verda, nesten tre kilometer lang, med separate baner for gåande og syklande. Tunnelen går parallelt med Bybanen og får ei unik og avansert lyssetting som skal gjere den attraktiv å bruke.

Illustrasjonen viser inngangen frå den grøne sida i Fyllingsdalen. I tunnelen blir lys, fargar og grafikk brukt til å orientere gåande og syklande om kvar dei er og kor langt det er igjen mot  den blå Mindemyren.  Sykkel – og gangfelt er separate. (foto: Light Bureau)

Milepæl

– Aldri før blir det så kort veg mellom Fyllingsdalen og Minde. Dette er ein milepæl for samspelet mellom alle gode krefter som står bak. Vi får ein attraktiv snarveg mellom bydelane. Det skal gå raskt å gå og sykle. Vi halverer tida det tek å sykle mellom bydelane. Det skal følast trygt å ferdast. Tunnelen skal utformast og lyssettast slik at folk får ei god oppleving. Folk skal få lyst til å oppsøke den. Det blir spennande å følgje prosjektet vidare, sa Jannicke Bergesen Clarke, som er leiar av hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylkeskommune, som skal eige og drifte tunnelen og Bybanen.

Fylkespolitikar Jannicke Bergesen Clarke og byråd Thor Haakon Bakke tar ein selfie etter at den siste salven er gått. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)
Fylkespolitikar Jannicke Bergesen Clarke og byråd Thor Haakon Bakke tar ein selfie etter at den siste salven er gått. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)

Smart

Bergen kommune står bak satsinga på sykkel, og byråd Thor Haakon Bakke seier sykkel er ein smart måte å kome fram på.

– Dette er ein revolusjon for sykkel i Bergen. Den gjer det sikrare å sykle. Tunnelen koplar Fyllingsdalen til dei nye bustadområda på Mindemyren, høgskulemiljøet ved Kronstad, og vår største arbeidsplass, Haukeland universitetssjukehus. Saman med Bybanen blir dette eit viktig bidrag til å redusere biltrafikken, seier byråd for klima, miljø og byutvikling, Thor Haakon Bakke.

Anleggsleiar Runar Agusi Jonsson forklarer fylkespolitikar Jannicke Bergesen Clarke korleis ho skal avfyre den siste salven. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)
Anleggsleiar Runar Agusi Jonsson forklarer fylkespolitikar Jannicke Bergesen Clarke korleis ho skal avfyre den siste salven. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)

God abeidsplass

Den sveitsiske entreprenøren Marti har kontrakten på bygginga.

– Eg har jobba her sidan desember 2018. Det har vore ein god arbeidsplass, og eg har trivast. Dette er eitt av dei største prosjekta eg har jobba på. Bygginga har gått greitt og vi har hatt godt samarbeid med Bybanen utbygging som er byggherre, seier Runar Agusi Jonsson frå Island, som er anleggsleiar i Marti og har hatt byggeoppdrag over heile verda.

Etter gjennomslaget jublar tunnelarbeidarane på den siste salven. Flagga markerer at arbeidarane er frå Kroatia og Slovenia. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)
Etter gjennomslaget jublar tunnelarbeidarane på den siste salven. Flagga markerer at arbeidarane er frå Kroatia og Slovenia. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)

Godt samarbeid

Åsmund Ellingsen, administerande direktør i Marti Norge er stolt over prosjektet.

– Vi har hatt godt samarbeid med alle partar og godt samarbeid med naboane. Vi har hatt 198 tilsette på arbeid i tunnelen frå 21 land. Vi er fleirkulturelle, seier Ellingsen.

Bjørg Karin Vedå, bussåfør i Tide, fekk æra av å køyre den aller første bussen i sykkeltunnelen. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)
Bjørg Karin Vedå, bussåfør i Tide, fekk æra av å køyre den aller første bussen i sykkeltunnelen. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)

Første buss i verdas lengste sykkeltunnel

– Dette var veldig stas, seier Bjørg Karin Vedå, bussåfør i Tide, som fekk æra av å køyre den aller første bussen i den lengste sykkeltunnelen  verda. Bussen frakta alle deltakarne som skulle inn og oververe den siste salva.

– Det gjekk greit å køyre her. Eg køyrer gjerne her igjen, seier Vedå.

Den første bussen på veg gjennom verdas lengste sykkeltunnel, over eitt år før den skal opnast, men då berre for gang- og syklande. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)
Den første bussen på veg gjennom verdas lengste sykkeltunnel, over eitt år før den skal opnast, men då berre for gang- og syklande. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)

Stein er ein ressurs

Den siste salven vart avfyrt 1400 meter inne i tunnelen frå Kristianborg. Det er om lag midt i tunnelen.

Siste salve var tre meter og 20 cm lang, og det gjekk med 900 kilo dynamitt til sprenginga. Den siste sava var noko kortare enn dei andre, som var fem meter lange. I kvar salve blir 700 kubikkmeter stein sprengd. I heile den doble tunnelen er 400 000 kubikkmeter stein sprengd vekk. Den blir gjenbrukt, mellom anna langs bybanetraseen rundt Store Lungegårdsvann og som oppmalt underlag for bybaneskinnene.

Ved naudutgangane for Bybanen blir det store opne senterlysningar som både gir kjensle av rom og    der fargar og grafikk skal gi ei behageleg oppleving. (foto: Light Bureau)
Ved naudutgangane for Bybanen blir det store opne senterlysningar som både gir kjensle av rom og der fargar og grafikk skal gi ei behageleg oppleving. (foto: Light Bureau)

Ein tunnel for alle

Arbeidet med tunnelen går no inn i ny fase med innreiiing. Verkemiddel som lys, fargar og grafikk skal bli brukt slik at sykkeltunnelen skal bli opplevd som attraktiv å bruke.

– Dette skal vere ein tunnel for alle. Fargane skal bli eit dekorativt element og verkemiddel for orientering i tunnelen. Gjennom lysdesign skal vi skape små opplevingar og endringar undervegs. Farga lys, fargesirkelen frå blått til grønt, vil bli projisert opp i himlingen slik at du gjennom fargar kan vite kvar du er og kor langt du har igjen, seier Sølvi Marie Myrseth, prosjekteringsleiar for design i Bybanen utbygging.

Frå den blå Mindemyren til den grøne dalen. Illustrasjonen viser fargespekteret gjennom fjellet frå inngangen ved bybanehaldeplassen ved Kristianborg (blå) til Fyllingsdalen utanfor kjøpesenteret Oasen (grøn). (foto: Light Bureau)

Blå Mindemyr – grøn Fyllingsdal

Fargesetting vil gå frå «den blå Mindemyren» til «den grønne dalen», med varme farger, raudt og oransje, i senter av fjellet. Grafikk på veggar vil gi supplerande informasjon om avstandar og retning. Ei større senterlysning midt i tunnelen skal gi eit tydeleg signal om at du er komen halvvegs.

– Bruk av lys gjennom heile tunnelen skal gi gåande og syklande ein følelse av tryggleik. Det er ingen mørke parti på det rette strekket. Sykkel- og gangbanen er separate, både med linjer og ulik farge og høgde. Vi  gler oss til dei første gåande og syklande kan ta denne eineståande tunnelen i bruk, seier Myrseth.

Lyset i midten av tunnelen bryt opp eit langt strekk i tunnelen, der både fargar og grafikk gir eit tydeleg  signal om at no er du halvvegs. Benker gjer det mogeleg å ta ein liten pustepause. I bakken er det gravert inn himmelretningar. (foto: Light Bureau)

Opning årsskiftet 2022/2023

Gang – og sykkeltunnelen opnar samstundes med Bybanen rundt årsskiftet 2022/23. Den nye tunnelen, og resten av gang- og sykkelvegen langs Bybanen til Fyllingsdalen, er finansiert over Miljøløftet, som er eit samarbeid med Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, staten, Statens vegvesen, Jernbanedirektoratet, og kommunane rundt Bergen. Prisen er 7,5 milliardar kroner.

Mot midten av tunnelen er det varme raudtoner. Dette er den varmaste delen av tunnelen. I biletet kan vi sjå korleis senterlyset tidleg kan sjåast på det rette strekket, slik at dei gåande   og syklande tidleg kan sjå kor langt dei er komne og kor langt det er igjen. (foto: Light Bureau)

Sykkeltunnelen skal bli lyssett i mange ulike fargar. Den er seks meter brei, men her er det rømmingsveg frå Bybanetunnelen. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)
Sykkeltunnelen skal bli lyssett i mange ulike fargar. Den er seks meter brei, men her er det rømmingsveg frå Bybanetunnelen. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)
Klart for siste salve. Dei siste 700 kubikkmetrane med stein skal sprengast vekk, slik at det blir gjennomslag. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)
Klart for siste salve. Dei siste 700 kubikkmetrane med stein skal sprengast vekk, slik at det blir gjennomslag. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)