Singerheimen i Olden er freda
Riksantikvaren har freda kunstnarbustaden Singerheimen på Dalheim i Olden. Fredinga vart høgtidleg markert 27. oktober.

– I norsk samanheng er anlegget på Dalheim unikt. Her møter vestlandsk byggeskikk og sveitserstilsarkitektur sterk påverknad frå amerikansk sørstatsarkitektur og den internasjonale Arts & Crafts-rørsla. Det er eit vakkert anlegg, og heilskapen og samanhengen mellom hage og bygningar er ei viktig grunngjeving for fredinga, seier riksantikvar Hanna Geiran i ei pressemelding frå Riksantikvaren.
Bidrog til lokalsamfunnet
Det var Sogn og Fjordane fylkeskommune som i si tid tok initiativ til fredingsprosessen. Vestland fylkeskommune har utarbeidd fredingsforslaget.
Den amerikanske kunstnaren og stålarvingen William H. Singer jr. busette seg saman med kona Anna i Olden på starten av 1900-talet. Fredinga skal sørgje for at historia om dei velståande amerikanarane og livet deira i ein fjordarm i Nordfjord blir bevart for framtida. Ekteparet Singer kosta blant anna bygging av Nordfjord sjukehus og forskotterte bygging av vegen mellom Olden og Innvik.
Offensivt kulturminnevern
– Dei flytta frå eit industriimperium i USA og kom til ei lita bygd som dei vart svært glade i. Det syner att i måten dei engasjerte seg i lokalsamfunnet på. Dei isolerte seg ikkje i sin eigen kunst og rikdom, men bidrog på ulike måtar til at det samfunnet dei kom til skulle utvikle seg, seier Geir Kjell Andersland.
Han er nestleiar i hovudutval for kultur, idrett og integrering, som deltok med ei helsing frå Vestland fylkeskommune på fredingsmarkeringa.

– Det er gledeleg at vi no får slått fast den nasjonale verdien til eigedomen. Gjennom fredinga, som er offensivt kulturminnevern, er vi sikra at eigedomen blir teken vare på og formidla til framtidige generasjonar. Fredinga vil også sikre at William og Anna Singer får sin velfortente plass i nasjonal og internasjonal kulturhistorie , seier Andersland.
Heilskap og samanheng
Anna Brugh Singer og William H. Singer jr. kom til Olden i 1913. Bygningane på Dalheim er bygde i tidsrommet frå 1914 til 1947. Ekteparet er gravlagde i mausoleet på eigedomen.
Fredinga femner om villa, bungalowen, studioet, mausoleet, drengestova/tenarbustaden, eldhuset med kafé, stabburet, driftsbygningen, vedhus og hagen, i tillegg til lause gjenstandar.
Heilskapen og samanhengen mellom hage og bygningar er viktig som del av grunngjevinga for fredinga. Det komplette anlegget frå første del av 1900-talet, med bustad og arbeidsplass for eigarar, gjester og tenarskap, gjer også at eigedomen utmerkar seg. Ifølgje Riksantikvaren er det få stader her i landet som så tydeleg syner forholdet mellom eigarar og tenarskap.
