Ser fram til ny skule på Askøy
– Vi ser fram til å få ny skule, seier elevar ved Askøy vidaregåande skule. Dei nærmaste åra blir skuleområdet ein byggeplass. I 2023 skal eit nybygg stå klart. Det skal koplast på den gamle skulen som skal renoverast og pussast opp.
Henning Espeland, Jonas Yndestad, Filip Ellingsen og Thomas Brynjulfsen er elevar på vg1.
– Vi har det fint her på skulen. Mange frå Askøy går her, men og nokre frå Bergen. Vi har blitt kjende med nye elevar og fått greie lærarar. Vi ser fram til ny skule og ny verkstadhall. Det skal gå greitt å gå her i byggeperioden.
Bra med ny skule
Dei fire elevane er vane med byggeaktivitet på skulen.
– Vi har gått på Kleppestø barneskule, og der har det vore anleggsaktivitet i to-tre år. Det forstyrra ikkje skuledagen, men vi høyrde når dei sprengde. Det skal bli bra med ny skule. Vi ser at den noverande skulen er noko gammal og sliten. Det behov for å gjere noko, seier Henning Espeland, Jonas Yndestad, Filip Ellingsen og Thomas Brynjulfsen. Espeland og Ellingsen vil gå i lære og bli tømrar, Ellingsen vil gå i lære og bli helsefagarbeidar, mens Brynjulfsen går på studiespesialisering og har ikkje avgjort kva han vil bli.
Fin skule – flinke lærarar
Larina Fatha, Joakim Andersen, Pernille Nordstrand og Maria Bjarnoll har gått vg1 på skulen og går no på vg2 helsefagarbeidar.
– Vi har ein fin skule med flinke lærarar. Men vi saknar kantina. Den er riven for å gje plass til nybygget. No tar vi med matpakke, men vi har fått skulefrukost med matpakke og drikke i døra når vi kjem til skulen. Dei som vil kjøpe mat, må gå ned på senteret.
Lære eller påbygg
Elevane på vg2 helsefagarbeidar kan velje mellom å gå ut i lære det tredje året eller ta påbygg for å få studiekompetanse.
– Mange av oss vil ta påbygg og studere til sjukepleiar, men og ein del vil gå i lære og bli helsefagarbeidar. Eg trur kullet vårt er delt på midten om dette. På barne- og ungdomsarbeidarfaget er det annleis, der vil dei fleste gå ut i lære, seier Larina Fatha som vil bli sjukepleiar. Det vil Pernille Nordstrand og Maria Bjarnoll og, mens Joakim Andersen vil gå i lære og bli ambulansearbeidar
Veldig spent
Axel Hansen er avdelingsleiar på studiespesialisering.
– Vi er veldig spente. Det blir artig å få ny skule. Det vil bli ein «boost» for elevar og tilsette å kome inn i nybygget. Vedtaket om bygging vart gjort av Hordaland fylkesting. Vi var engstelege då vi gjekk inn i Vestland, men heldigvis sleppte vi omkamp.
Frå 10 000 til 15 000 kvadratmeter
Den nye skulen blir auka frå 10 000 til 15 000 kvadratmeter og skal koste 707 millionar kroner.
– Vi skal først få eit nybygg. Når det er ferdig i 2023, skal vi flytte over og pusse opp den gamle delen. Vi får ein heilt topp ny skule. Den blir flunkande moderne. Vi skal mellom anna få ein svær aula med kino som skal vere til fleirbruk for alle i kommunen.
Auka elevtal
Elevtalet kjem til å gå opp i den nye skulen.
– I dag har vi om lag 530 elevar og skal auke elevtalet gradvis opp mot 1000 elevar når den nye skulen er ferdig. Det er folkevekst på Askøy, og den nye skulen er dimensjonert for seks parallellar på studiespesialisering. Vi får og auke på yrkesfag. 95 prosent av elevane våre kjem frå Askøy. Resten frå nabokommunar, seier avdelingsleiar Axel Hansen.
Kjempeflott skule
Halvdan Wiberg, i Vestland fylkeskommune, er prosjektleiar for bygging av den nye Askøy vidaregåande skule.
– Vi er to månader forseinka i bygginga, men det blir opning av nybygget til skulestart i august 2023. Og heile skulen skal vere ferdig til skulestart i august 2024. Det blir ein kjempeflott skule. Constructa har fått kontrakten på bygginga. I tida framover har dei 20 på jobb der, men det vil toppe seg neste sommar, seier Halvdan Wiberg.
Samarbeid med Askøy kommune
Bygginga av den nye skulen er eit samarbeid med Askøy kommune som får kulturhusdel og idrettshall der. Begge skal brukast av både kommune og skulen. Kulturhuset får scene og sal med plass til 500 personar.
Fem utdanningsprogram
Den nye skulen skal ha fem utdanningsprogram: Bygg og anlegg, elektrofag, helse og oppvekst, teknikk og industriell produksjon (TIP), og studiespesialisering. I tillegg har skulen tilbod for tilrettelagt opplæring, ein internasjonal klasse (vg2) i elektrofag i Tyskland, og ein klasse på studiespesialisering (vg2) i Tyskland.