Riksantikvaren fredar bensinstasjon i Bergen

– Dette er til glede for oss og komande generasjonar, seier Stian Davies, leiar av hovudutval for kultur, idrett og integrering etter at Riksantikvaren i dag har vedteke å frede den 93 år gamle bensinstasjonen i Lars Hillesgate 27 i Bergen.

FRÅ 1928: Bensinstasjonen på Nedre Nygård frå 1928 er no freda.
FRÅ 1928: Bensinstasjonen på Nedre Nygård frå 1928 er no freda.

Føremålet med fredinga er å bevare MIL Veteranstasjon som eit arkitektonisk og kulturhistorisk viktig døme på ein bensinstasjon frå mellomkrigstida. Fasaden på stasjonen er freda, som vindauge, dører og overflater. Inne i stasjonen skal rominndeling, bygningsdelar og fast inventar bevarast. I tillegg fredast køyrearealet og tilkomstvegen til bensinstasjonen.

Stor frivillig innsats

Stian Davies seier entusiastar og frivillige i fleire år har lagt ned eit omfattande arbeid for å ta vare på og setje i stand bensinstasjonen. 

– Eg vil rette ein spesiell stor takk til dei frivillige som har vore pådrivarar for å ta vare på og sikre denne spanande delen av historia vår. Utan den store frivillige innsatsen ville vi ikkje vore der vi er i dag. Vi har ein godt bevart bensinstasjon frå mellomkrigstida, plassert ved innfartsåra til bykjernen i Bergen, som med denne fredinga vil stå som ei liten perle i området på Nedre Nygård, seier Stian Davies.  

Dåverande Hordaland fylkeskommune starta arbeidet med freding av bensinstasjonen i 2016 og laga ein kulturminnedokumentasjon om den. Fylkeskommunen innstilte så overfor Riksantikvaren å frede bensinstasjonen. 

Slik så bensinstasjonen ut då den opna i 1928 under merkevarenamnet MIL. Etter krigen endra namnet seg til BP, så Norol og til slutt Statoil, som var namnet då den vart lagt ned i 1998.
Slik så bensinstasjonen ut då den opna i 1928 under merkevarenamnet MIL. Etter krigen endra namnet seg til BP, så Norol og til slutt Statoil, som var namnet då den vart lagt ned i 1998.

Originale pumpar og inventar

Stasjonen er ført tilbake til den opphavelege utforminga frå 1920-talet. To originale pumpar, tilsvarande dei som stod der på 1920-talet, vart sett opp under restaureringsarbeida. Den eine av dei er kopla til bensintanken, slik at det faktisk er mogleg å fylle bensin ved stasjonen.

Den vart bygd i 1928 av Norsk Tankanlegg AS, eit dotterselskap til Norsk Brændselolje AS som i 1920-åra bygde rundt 500 bensinstasjonar over heile landet. Stasjonen vart driven samanhengande under skiftande merkenamn. Først MIL, etter krigen BP, så Norol, og til slutt, Statoil.

Pensjonerte Statoil-tilsette

I 1998 vart  Statoil-stasjonen lagt ned etter 70 års drift.  Då starta ei museumsgruppe, som i hovudsak bestod av pensjonerte Statoil-tilsette det omfattande restaureringsarbeidet på dugnad, med økonomisk stønad frå Statoil. I dag blir stasjonen brukt som veteranbilverkstad og til andre aktivitetar knytt til bensinstasjonshistorie, og framstår som eit lite privatmuseum. 

Glimt av 1920-talet

– MIL Veteranstasjon fortel om vår moderne historie, om framveksten av bilismen og om kvardagsliv i Noreg. Bensinstasjonen er òg eit fantastisk døme på kor viktige entusiastar og frivillige er for vern av kulturminne. Museumsgruppa av frivillige har satt stasjonen på Nedre Nygård i stand på eit vis som gjer at vi i dag får eit glimt av 1920-talet, midt i Bergen sentrum, seier riksantikvar Hanna Geiran. 

Innfartsveg til bykjernen

Stasjonen vart teikna av arkitekt Sverre Losnedahl i eit nyklassisistisk formspråk. Bensinstasjonen er gitt ei arkitektonisk stram og symmetrisk utforming med eit nyklassisistisk stilpreg, både i heilskapen og detaljane. Både utforming av stasjonen, og plasseringa langs ein innfartsveg til bykjernen, er typisk for 1920-talet. Ekspedisjonslokalet har også fast og laust inventar frå perioden, tilsvarande det som var eller kan ha vore der opphaveleg.