Prosjektrektor skal leie samanslåing av fagskulane

– Vi har ambisjon om å bli best i landet, seier Torbjørn Mjelstad som er tilsett som prosjektrektor for Fagskulen i Vestland. 1. januar neste år blir dei to fagskulane i Hordaland og Sogn og Fjordane slegne saman til éin skule.

TO BLIR EIN: Rektor Torbjørn Mjelstad ved Fagskolen i Hordaland skal leie arbeidet med å slå saman dei to fagskulane i Vestland.
TO BLIR EIN: Rektor Torbjørn Mjelstad ved Fagskolen i Hordaland skal leie arbeidet med å slå saman dei to fagskulane i Vestland.

Fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal, opplyser at Mjelstad har takka ja til stillinga, og at han samstundes skal halde fram som rektor ved Fagskolen i Hordaland til samanslåinga er gjennomført.

Stolt over tilliten

Mjelstad er audmjuk og glad for den nye jobben.

– Dette er ei av dei største leiarutfordringane i Vestland fylkeskommune. Eg er stolt over tilliten skuleeigar har vist meg. Viktige stikkord framover blir informasjon, samarbeid og gode omgivnader der vi kan utvikle dette fellesprosjektet. Vi har trygge arbeidsplassar, godt studentmiljø og eit arbeidsliv som er tett på. Vi skal sette spor, seier prosjektrektor Torbjørn Mjelstad.

Grundig prosess

Styreleiar for fagskulen, Emil Gadolin, seier at det har vore ein grundig tilsettingsprosess.

– Eg er utruleg glad for at Fagskulen i Vestland får ein så dyktig rektor. Vi meiner Torbjørn Mjelstad er den rette til å leie arbeidet med samanslåinga og til å utvikle Fagskulen i Vestland i åra som kjem. Vi har begge stor tru på framtida til fagskulen og relevansen den har for Vestlandet. Vi skal dra nytte av styrken til dei to fagskulane i dag. Torbjørn Mjelstad får mange utruleg dyktige medarbeidarar med seg på laget som saman med han, skal løfte fagskulen til nye høgder, seier styreleiar Emil Gadolin.

Åtte studiestader

Den nye fagskulen vil ha åtte studiestader frå Måløy i nord til Stord i sør.