Plan for innovasjon og næringsutvikling ut på høyring
Korleis skal vi arbeide med berekraftig innovasjon og næringsutvikling i Vestland? Og korleis kan vi planlegge for fleire gründerar og vekstkraftige bedrifter dei neste 12 åra? Det vil vi ha dine innspel på innan 26. mars.

Fylkesutvalet i Vestland har vedtatt å sende planen «Berekraftig verdiskaping – Regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021-2033» på høyring og offentleg ettersyn.
Saman med eksterne aktørar har fylkeskommunen arbeidd intensivt for å lage det som skal sette sitt preg på Vestland i 12 år framover. Den regionale planen skal formulere mål og strategiar for innovasjon og næringsutvikling i Vestland. På kort sikt må vi også prioritere å handtere konsekvensane av korona-pandemien.
Ein plan for heile Vestland
- Planen er viktig fordi han set retning for utviklinga av næringslivet. Dette er ein plan for heile Vestland. Det er fylket – ikkje fylkeskommunen – sin felles plan for innovasjon og næringsutvikling. Derfor vil vi no høyre frå deg, seier Jon Askeland.
Askeland legg til at vi er i ei tid med store omskiftingar. Regionalt samarbeid og samordning er viktig for å stimulere til berekraftig verdiskaping. Det inneber å lage eit grunnlag som gir fleire gründerar, vekstkraftige bedrifter og innovative næringsmiljø, samtidig som dei skal bli grønnare. Å ha ein god plan i botn er viktig for å oppretthalde næringsliv og arbeidsplassar.
Må bli best på samarbeid
- Skal vi lukkast med å gjennomføre denne offensive planen må vi bli verdsmeistrar på samarbeid. Ikkje berre må fylkeskommunen forplikte seg, også næringslivet og våre samarbeidspartar i kommunane og resten av verkemiddelapparat må bidra, seier Askeland.
I tida framover er det planlagt ein serie med høyringsmøte. Dei vil handle om regionane i fylket og ulike tema for å dekke breitt. Aktuelle tema kan vere reiseliv, industri, marin og maritim næring.
Kva handlar planen om?
Planen har tre satsingar: «grøn næringsutvikling», «innovative og inkluderande samfunn» og «areal for næringsutvikling».
- Grøn næringsutvikling: Handlar om at produksjon og næringsaktivitet skal utviklast i ei retning som er meir berekraftig for miljø og klima, og i tråd med FN sine berekraftsmål.
- Innovative og inkluderande samfunn: Innovative samfunn fornyar seg og skapar verdi for verksemder, samfunn og innbyggjarar. Inkluderande samfunn tek vare på mangfald og motverkar utanforskap.
- Areal til næringsutvikling: Omfattar korleis vi nyttar naturressursar, og korleis vi legg til rette areal for ny næringsutvikling.
Satsingane i planen er bransjenøytrale og gjeld for alle næringane. Eit viktig moment i oppfølginga av planen er difor å leggje til rette for å identifisere næringar og verdikjeder som kan fylle framtidig eksport- og verdiskapingsgap.
Klimanøytralt i 2033
Ambisjonane i planen er store. Eitt av måla i planen er at næringslivet i Vestland er klimanøytralt i 2033.
- All kunnskap peiker på at måten ein taklar den store berekraftige omstillinga på, er avgjerande for å lukkast. Tida er knapp. Vi må ta utgangspunkt i dei store fordelane vi har i næringslivet og som ofte er basert på naturressursane våre, seier Askeland
Han understrekar at vi må ta vare på det vi er gode på i dag, legge grunnlag for ny innovasjon på tvers av verdikjeder – og gripe nye moglegheiter og legg til:
- For å lukkast, må vi bygge vidare på verdiane til det nye fylket; «kompetent, open og modig».
Fylkestinget vedtar
Når høyringsfristen er ute 26. mars, vil Vestland fylkeskommune gå gjennom alle høyringsinnspela og vurdere høyringsutkastet på nytt i lys av desse. Når dette er gjort skal planen opp til politisk behandling. Målet er at den endelege planen skal bli vedtatt av fylkestinget i juni.