Over 10 millionar til industrihistoria i fylket
Odda smelteverk, Salhus Tricotagefabrikk, Tyssedal kraftstasjon og Gamle Innvik ullvarefabrikk er blant dei tekniske og industrielle kulturminna som får støtte frå Vestland fylkeskommune i 2021.

Det var hovudutval for kultur, idrett og integrering som fordelte tilskota i møtet sitt 28. april.
– Vi har ei rik industrihistorie i fylket vårt, og industrien er ein stor del av identiteten til Vestland. Det er mykje kraftindustri, men vi ser også at til dømes tekstilindustrien har vore sentral ulike stadar i fylket, i både nord og sør. Fellesskapet har ei viktig oppgåve i å ta vare på den felles tekniske og industrielle historia vår. Det er viktig å forstå korleis industrien har forma fylket vårt, og vi må sikre denne delen av historia og formidle ho til framtidige generasjonar, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.

Dette er første året fylkeskommunen har ansvar for denne tilskotsordninga, då ho vart overført frå Riksantikvaren i samband med regionreforma. Det kom inn søknadar med ein samla søknadssum på over 60 millionar kroner.
Desse kulturminna får tilskot
Kulturminne og prosjekt |
Søkjar |
Tilskot 2021 |
Tilsegn 2022 |
Ne’fø sjøen Indre Ofredal |
Indre Ofredal vener |
400 000 |
|
Gangbruene på Soget |
Hafslovatnet grunneigarlag |
|
110 000 |
Veteranbussene i Hordaland |
Hordaland veteranbussforening |
|
200 000 |
Nes gardssag |
Kåre Nes |
60 000 |
90 000 |
Bjørkedalsdammen |
Kvinnherad kommune |
55 000 |
500 000 |
Odda smelteverk – forvaltning, drift og vedlikehald. Importkaien, Cyanamidfabrikken, Omn 3, Skalltaket |
Snu på vegne av SNU og Ullensvang kommune |
1 902 289 |
|
Odda smelteverk Importkaien |
Ullensvang kommune |
|
300 000 |
Odda smelteverk Omn 3 |
KML eiendom – SNU AS |
820 000 |
450 000 |
Odda smelteverk Syanamidfabrikken |
KML eiendom 2 – SNU AS |
65 000 |
|
Odda smelteverk Lindehuset |
Kraftmuseet |
800 977 |
|
Odda smelteverk skalltaket |
KML eiendom – SNU |
720 000 |
|
Laksevåg verft Maskinverkstaden |
Marin eiendomsutvikling |
|
100 000 |
Salhus Tricotagefabrikk |
Tekstilindustrimuseet – Museumssenteret i Hordaland |
358 500 |
|
Salhus Tricotagefabrikk – forvaltning, drift og vedlikehald |
Tekstilindustrimuseet – Museumssenteret i Hordaland |
3 067 468 |
|
Tyssedal kraftstasjon – forvaltning, drift og vedlikehald |
Kraftmuseet |
1 077 050 |
|
Gamle Innvik ullvarefabrikk |
Stiftelsen Gamle Innvik ullvarefabrikk |
50 000 |
250 000 |
Sellevåg treskofabrikk |
Magne Sellevåg |
12 000 |
|
Odda smelteverk – forvaltning, drift og vedlikehald |
KML eiendom – SNU AS – Ullensvang kommune |
257 833 |
|
Salhus Tricotagefabrikk |
Tricotagemuseet – Museumssenteret i Hordaland |
364 536 |
|
Tyssedal kraftstasjon |
Kraftmuseet |
172 930 |
|
Totalt |
|
10 183 583 |
2 000 000 |