Opprettar utviklingsstipend for tradisjonshandverkarar

Vestland fylkeskommune set dei tradisjonelle handverksfaga på dagsorden og etablerer eit utviklingsstipend på 50 000 kr i tradisjonshandverk.

foto av tillaging av vossagrindverk
STAVKONSTRUKSJON: Vossagrindverk er eit døme på tradisjonshandverk i Vestland. Mange løer på Voss er bygde med denne særeigne stavkonstruksjonen. Tradisjonen for sjølve rekkefølgja og framgangsmåten for å byggje slike har gått tapt, men ein har greidd å rekonstruere ein framgangsmåte som passar inn i systemet med stavverket. (Foto: Vegard Svarstad/Vestagdermuseet)

Tradisjonshandverket er ein viktig del av kulturarven vår. Det er tufta på berekraftige prinsipp, der dugleik i bruk av verktøy og kunnskap om foredling av stadeigne, naturlege materialressursar har vorte overførte over generasjonar.

Industrialisering med større bruk av mekanisk verktøy, industriproduserte materialtypar og meir montasjearbeid gjer at dei tradisjonelle handverksfaga i dag er under sterkt press.

Søknadsfristen er 1. mai

Hovudutval for kultur, idrett og integrering vedtok 17. februar difor at fylkeskommunen opprettar og lyser ut eit utviklingsstipend i tradisjonshandverk.

Stian Davies leiar utvalet, og kallar vedtaket ei framtidsretta satsing som bidreg til å styrke den grøne konkurransekrafta til Vestland. Han meiner stipendet oppmodar til gjenbruk, og trur det kan bidra til å oppretthalde ein kulturhistorisk viktig handverkartradisjon

– Tradisjonshandverkararar styrkar den lokale økonomien og er viktige for framtidas sirkulærøkonomi, der bygningsressursane skal reparerast og setjast i stand. Gjenbruk av eksisterande bygningsmasse, der karbonfotavtrykket allereie er tatt, må i framtida prioriterast framfor riving og resirkulering av bygningsmaterial. Dette syner korleis eldre tradisjonar kan nyttast for å møte utfordringane i dag og i framtida, seier han.

Vestland i førarsetet

Profesjonelle handverkarar innan tradisjonelle handverksfag som bur og har virket sitt i Vestland fylke, kan søke om stipendet innan fristen 1. april. Hovudutvalsleiaren er nøgd med at Vestland set seg i førarsetet på dette viktig området i arbeidet med å ta vare på kulturarven vår.

– Utviklingstipendet er ei anerkjenning av arbeidet som vert gjort innafor tradisjonshandverk. Eg håpar det kan vere med på å motivere unge utøvarar til vidare satsing som profesjonelle tradisjonshandverkarar. I tillegg håpar eg stipendet kan skape stoltheit og merksemd om den sentrale rolla tradisjonsberande handverkarar har i å ta vare på kulturarven til framtidas generasjonar, seier Davies.

Her kan du lese innrettinga og kriteria for stipendordninga.

Søknadsskjema

Vi legg ut lenke til søknadsskjema på nettsida til fylkeskommunen under området kulturarv når dette er klart.