Opprettar tilbod for søkarar med påbyggsrett

Fylkeskommunen sikrar tilbod til alle som skal ta påbygg som eit fjerde år med generell studiekompetanse.

Fire blide elever (gutar) sitter rundt ei bord.
Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

For søkarar som har fullført vidaregåande opplæring, men har søkt om eit fjerde år med påbygging til generell studiekompetanse (påbygg 4), vil fylkeskommunen opprette fleire grupper slik at alle som har søkt om dette får eit tilbod. Det er i dag 43 søkjarar som venter på plass.

Fagarbeidarar som ønskjer å kvalifisere seg til høgare utdanning får gjennom tilbod om påbygging til generell studiekompetanse moglegheit til dette.

- Vi vil opprette tilbod så raskt som praktisk mogleg og alle som har søkt skal få tilbod om plass, seier Øivind Høines, seksjonsleiar i avdeling for opplæring og kompetanse.

Hovudutval for opplæring og kompetanse vart informert 10. august på ekstraordinært møte om at ein aukar tilbodet om påbygg 4 på administrativ fullmakt.