Oppmodar høgskulen til nytenking rundt praksisplassar

Hovudutval for opplæring og kompetanse har vedteke ei fråsegn der dei ber Høgskulen på Vestlandet ta i bruk heile fylket når dei skaffar studentar praksisplassar.

illustrasjonsfoto av studentar
PRAKSIS: Hovudutval for opplæring og kompetanse er oppteke av at lærlingar og studentar skal få nytte dei gode fagmiljøa som finst rundt om i heile fylket. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Vedtaket vart gjort i møtet 6. oktober og spring ut frå medieoppslag om høgskulen sin politikk i tilnærminga til og tildeling av praksisplassar.

Ta i bruk heile fylket

Hovudutvalsleiar Karianne Torvanger utdjupar:

– Med denne fråsegna oppmodar vi høgskulen om å ta i bruk heile fylket i arbeidet med å skaffe praksisplassar. Og vi ber dei sjå vekk frå dei gamle fylkesgrensene, slik at desse ikkje blir eit hinder for kvar studentane kan ha praksis, seier ho.

Hovudutvalet syner i fråsegna til mål 1 i utviklingsplanen for Vestland: Vestland som det leiande verdiskapingsfylket og nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg.

Felles ansvar

Torvanger meiner høgskulen og fylkeskommunen må ta eit felles ansvar – både for å nå måla i utviklingsplanen og for å nytte heile fylket i utdanninga av framtidas arbeidstakarar.

– Utviklingsplanen gjeld for heile fylket, ikkje berre fylkeskommunen. Vi har eit felles ansvar for å nå dei definerte måla i planen. Og vi har også eit felles ansvar for å syte for at elevar, lærlingar og studentar får nytte dei gode fagmiljøa vi har i heile fylket i utdanninga si, slår ho fast.

Heile fråsegna kan du lese i møteprotokollen frå hovudutvalsmøtet.