Opna bergkunstfelt med ny tilrettelegging og lyssetjing

Bergkunstfeltet ved Vangdal, langs Nasjonal turistveg Hardanger, er på ny tilrettelagt for publikum og blir presentert med diskré lyssetjing. Torsdag 21. oktober var det høgtidleg opning med blant andre fylkesordføraren og riksantikvaren.

fylkesordførar Jon Askeland, riksantikvar Hanna Geiran og ordførar Torgeir Næss i Kvam herad under opninga av ny tilrettelegging og lyssetjing av bergkunst på Vangdal i Kvam.
OPNING: Fylkesordførar Jon Askeland, riksantikvar Hanna Geiran og ordførar Torgeir Næss i Kvam herad var blant dei som deltok under opninga av den nye tilrettelegginga og lyssetjinga i Kvam 21. oktober. (Foto: Knut Olav Aslaksen/Universitetsmuseet i Bergen)

Bergkunsten ligg ved ein rasteplass, som er rusta opp med nye benkar og bord, skilttavle og diskré lyssetjing. Tilrettelegginga skal gjere bergkunsten tilgjengeleg for vegfarande og andre på ein ny og trygg måte. Ein lyssett sti dels tilrettelagt med trapper og rister går frå rasteplassen og ned til bergkunsten, der ei publikumsrampe gir utsyn til bergkunsten og den opne fjorden.

Samarbeidsprosjekt

– Dette prosjektet er viktig for fylkeskommunen som både vegeigar og forvaltar av kulturminne. Her har vi vore med og lagt til rette for at folk kan svinge av fylkesvegen og sjå nærare på spora frå fortida, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Tilrettelegginga av rasteområdet, forbetra tilgjenge og ny presentasjon av bergkunsten er eit samarbeidsprosjekt mellom grunneigarane i Vangdal, Statens vegvesen, Vestland fylkeskommune, Universitetet i Bergen og Kvam kommune.

Bergkunsten vart tilrettelagt for publikum første gong på 1990-talet. No er området lagt endå betre til rette for at både tilreisande og lokalbefolkning kan sjå nærare på og få eit forhold til kunsten.

Sårbare kulturminne

Bergkunsten har fått ei unik lyssetjing for betre visualisering av helleristningane. Heile det nye rasteanlegget med bergbilda frå eldre steinalder er gjennom den nye tilrettelegginga no dessutan godt eigna som eit ferdamål og ei oppleving døgnet rundt, året rundt.

Foto av helleristingar i Vangdal i Kvam.
HELLERISTINGAR: Det er fleire dyrefigurar blant helleristingane i Vangdalsberget. Den eine kan synast å vere ein elg, den andre ein hjort. Dette er blant det som no er lyssett på nytt. (Foto: Mathias Andersson/Kyndill)

Tilrettelegginga er ein viktig del av Riksantikvarens bevaringsprogram for bergkunst for å spreie kunnskap om helleristningar. Bergkunst er lett utsett for skader i form av nedbrytingsprosessar og menneskeleg hærverk.

– Desse kulturminna er sårbare der dei ligg ute i naturen, og vi skal leggje til rette for at dei blir behandla med respekt og formidla vidare til framtidige generasjonar. Helleristingane er ei kjelde til kunnskap, oppleving og undring – og kan vere viktige identitetsmarkørar for dei som bur i området, seier fylkesordføraren.

Frå bevaringsprogram til strategi

Målet med bevaringsprogrammet til Riksantikvaren har vore å sikre at bergkunsten vert tatt vare på i eit langsiktig perspektiv gjennom dokumentasjon samstundes som eit utval helleristningar er tilgjengelege for publikum.

Bevaringsprogrammet for bergkunst, som vart starta opp i 2011 og framleis er aktivt, vil danne utgangspunkt for dei nye bevaringsstrategiane som er meint å styrke både vernet og kunnskapen om bergkunsten.