Nytt forskingsprosjekt for å engasjere innbyggjarar i klimatilpassing
Klimaomstilling og klimatilpassing må vere godt integrert i arbeidet med regionale og lokale planar. Eit nytt forskingsprosjekt skal sjå nærare på korleis vi kan styrke medverknaden frå innbyggjarane i dette viktige arbeidet.
Forskingsrådet har løyvd 3,6 millionar kroner til prosjektet «Medverknadsmetodar for klimatilpassing». Vestland fylkeskommune samarbeider med kommunane Osterøy, Sunnfjord og Kinn om prosjektet.
Behovet for å styrke arbeidet med klimatilpassing for å sikre ei berekraftig utvikling i samfunnet, står sentralt i prosjektet.
Lokal forankring i sentrum
Saman med Vestlandsforsking, NORCE Klima og Institutt for geografi ved NTNU, skal vi gjennom prosjektet teste ut ulike metodar for medverknad når det gjeld datainnsamling, visualisering av klimakunnskap og deltaking i planprosessar.
– Prosjektet syner at fylkeskommunen tek rolla si som samfunnsutviklar på alvor. Vi har vedteke ein utviklingsplan der klima er sentralt, og vi er i gang med arbeidet med regional klimaplan. Men det er ikkje nok å ha planar. Vi må forankre dei hjå innbyggjarane, og vi må skape forståing for kvifor vi gjer som vi gjer. Og det er nettopp det vi håpar dette prosjektet skal bidra til, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Viktig med god deltaking
I utviklingsplanen for fylket har fylkestinget vedteke at Vestland skal vere ein pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp innan 2030.
– Vi ser at det er behov for meir lokal tilpassa kunnskap i kommunane sitt arbeid med klimatilpassing. Å sikre god deltaking frå innbyggjarar i dei kommunale planprosessane på dette området, er spesielt viktig. Det er også vesentleg å sikre forståing og engasjement for klimatilpassingstiltaka, seier fylkesordføraren.
Innbyggjarane med i forskinga
Medforskingsmetodar vert gjerne kalla «citizen science» på engelsk, og inneber at innbyggjarane deltek i forskinga. I dette prosjektet vil innbyggjarar kunne bidra ved å nytte ein smarttelefon-app for registrering av flaum og overvasshendingar, og med data frå private vêrstasjonar. Dette vil så klimaforskarar i prosjektet nytte til å lage meir nøyaktige framskrivingar av klimaendringar for kommunen.
Prosjektet skal blant anna utvikle slike løysingar:
- medforskingsmetodar for å gi større engasjement og legitimitet til kunnskapsgrunnlaget som klimatilpassinga byggjer på
- visualiserings- og formidlingsmetodar som gjer kunnskapen tilgjengeleg og relevant for innbyggjarar
- deltakingsmetodar for å auke innbyggjarane sitt engasjementet i planprosessar, spesielt innan klimatilpassing
Prosjektet skal gå over tre år. Vestland fylkeskommune er prosjekteigar, og fagleg leiar av prosjektet er Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking.