Ny klasse for studiespesialiserande i Førde

– Vi opprettar ei ny klasse for studiespesialisering ved Hafstad vidaregåande skule. Dette vil sikre at totalt 150 elevar i inntaksområdet kring Førde som har søkt studieførebuande ved Hafstad vgs, no kan få plass, seier seksjonsleiar Øivind Høines.

foto av Hafstad vidaregåande skule i Førde
FLEIRE FÅR PLASS: Opprettinga av ei ny klasse gjer at til saman 150 elevar får plass på studiespesialisering ved Hafstad vgs. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Endringa vert gjort som del av førebuinga til 3. inntaket, som skal gå torsdag 5. august.

Vestland fylkeskommune har vore i dialog med både Sunnfjord kommune og søkjarar som har som førsteønske å gå studiespesialisering på Hafstad vgs. Med bakgrunn i dei innspela har avdelingsdirektøren, på fullmakt frå fylkespolitikarane, oppretta ei klasse til for studiespesialiserande ved skulen. 

Politisk leiing med

Fylkesordførar Jon Askeland og hovudutvalsleiar Karianne Torvanger har tatt del i arbeidet med å vurdere alternative løysingar.

– Politisk leiing har bidrege til at saka har fått ei løysing som fleire kan akseptere, seier Torvanger.

30 fleire får plass

– Det er viktig at søkjarane sjølve følger med på Vigo, som er portalen som styrer inntaket til alle vidaregåande skular i landet, seier Øivind Høines. 

I Vigo må søkjarane som får nytt tilbod om plass, velje om dei vil akseptere tilbodet etter torsdag 5. august. Inntaket vert gjort i tråd med lov og forskrift, og fylkeskommunen tildeler plassar etter karakterpoeng.

– Søkjarane har ingen garanti for å få innfridd det første ønsket sitt, men endringa sikrar at 30 fleire elevar får plass på studiespesialiserande, seier Høines.