Ny fiskerihamn gir næringsutvikling på Bømlo
– Dette er eit høve for næringsutvikling på Bømlo, som det er fleire tiår sidan sist dei hadde, seier eigedomsdirektør Jostein Fjærestad. Vestland fylkeskommune har tildelt kontrakt på bygging av den nye Bømlo fiskerihamn til entreprenør Vassbakk & Stol.

Fylkeskommunen har sett av 165 millionar kroner som øvre ramme for utbygginga. Anbodet frå Vassbakk & Stol er innafor denne ramma. Dette er eit spesialfirma for masseforflytting. Det var sju tilbydarar, og dette anbodet var best på pris.
– Fiskerihamna vil utvide kapasiteten for næringsverksemd i området. Med både ny fiskerihamn og ny vidaregåande skule på Stord, satsar fylkeskommunen for fullt i Sunnhordland, seier Fjærestad.
Nytt stort industriområde
Fiskerihamna skal byggast i Langevåg. Arbeidet med fiskerihamna omfattar bygging av ein 500 meter lang molo med kai og ei djupne på 40 meter. Moloen kjem mellom øya Store Bleikja og Urdatang. Om lag ein million kubikkmeter stein skal fyllast ut for å bygge moloen. Steinmassane skal sprengast ut frå området like innafor, slik at det blir tilrettelagt som eit stort industriområde. Det blir køyreveg oppå den 500 meter lange moloen.
Prosjektleiar for fiskerihamna i Vestland fylkeskommune, Marius Nesse, fortel at det blir plass til fiskebåtar opp til 70 meter lange, og at fiskemottaket der i dag skal utvide.
Byggetid to år
– Byggestart vil bli til våren. Vi reknar med ei byggetid på om lag to år. Fiskerihamna er ønskt av både kommunen og næringslivet. For at vi skal få rask bygging, har både kommunen, og selskapet bak Bømlo fiskerihamn, forskottert kostnadene. Fylkeskommunen skal betale summen attende når vi får budsjettrammene i 2024, seier Nesse.
Vestland fylkeskommune fekk ansvar for fiskerihamnene i fylket ved fylkeskommunereforma frå 1. januar 2020. Tidlegare hadde Kystverket slikt ansvar. Fylkestinget vedtok bygging av fiskerihamna i fjor. Neste utviklingsprosjekt for fiskerihamner i Vestland er planlagt i Kalvåg.