Næringsfond for utsette område i Vestland

– Utvikling av heile Vestland er viktig. Me skal hjelpa utsette kommunar og område i fylket med å finansiera tiltak som legg tilrette for omstilling og utvikling, seier fungerande leiar i hovudutval for næring, Sigrid Brattabø Handegard, etter at utvalet har vedteke å opprette eit næringsfond for dette.

VestlandNeringsfondN1000B.jpg
OMSTILLING: Eit nyoppretta næringsfond skal hjelpe utsette område i Vestland med omstilling og utvikling. (illustrasjon)

Næringsfondet er på fem millionar kroner og skal gå til utsette område i Vestland. Pengane kan gå til kommunar eller delar av kommunar med utfordringar. Målgruppa er område i Vestland med store negative og langvarige konsekvensar for næringsliv, busetjing og sysselsetjing. Retningslinjer for fondet er vedtekne av utvalet.

Omstilling og utvikling

– Næringsfondet skal hjelpe kommunane og områda med å finansiere tiltak som skal legge til rette for omstilling og utvikling. Føremålet er å styrke næringsgrunnlaget og å bidra til å etablere nye arbeidsplassar i kommunar som opplever vesentleg reduksjon i sysselsetjinga. Regionråd, kommunar, verksemder og andre kan søke om midlar til tiltak, saman med andre i målgruppa, åleine eller i samarbeid med fylkeskommunen. Næringsselskap som arbeider på oppdrag for ein eller fleire kommunar, kan søke på vegne av aktørar i målgruppa, seier Brattabø Handegard.

I dei vedtekne retningslinjene er desse prioritert: Område som har stor arbeidsløyse eller utsikter til stor arbeidsløyse, einsidig næringsliv og der enkeltnæringar har mykje å seie for sysselsetjinga og  område med stor folketalsnedgang.

Tildeling etter søknad

Seinare i år blir midlane i næringsfondet lyst ut. Hovudutval før næring skal tildele pengar etter søknad. I vurderinga av søknadene blir det særleg lagt vekt på:

  • Auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
  • Ei berekraftig omstilling og utvikling av næringslivet
  • Prosjekt som er nyskapande og framtidsretta
  • Om tiltak er forankra i kommunale eller regionale næringsplanar