Maren var arkeolog for ein dag og fann pilspissar

Årleg går ungdomsskuleelevar over heile landet ut av klasseromma og inn på arbeidsstadane for å teste yrkeslivet. Maren frå Knarvik ungdomsskule var med fylkeskommunen sine arkeologar ut i felt.

foto av ungdomsskuleelev Maren Furesund Lein ute i arkeologifelten
VÅTT, KALDT OG INTERESSANT: Slik oppsummerte åttandeklassingen Maren Furesund Lein dagen som arkeolog i Alver saman med arkeologane til Vestland fylkeskommune. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Maren Furesund Lein frå klasse 8b på Knarvik ungdomsskule ville prøve seg som arkeolog og vart difor med på feltarbeid ved Alverstraumen. Det vart ein blaut og gjørmete, men også funnrik dag.

Fann fire pilspissar

Maren fekk vere med på å vaske fram unike funn frå yngre steinalder. Det var ulike råstoff i stein, skraparar til skinnarbeid og ikkje mindre enn fire pilspissar av kvartsitt.

– Det er fleire pilspissar på ein dag enn eg nokon gong har funne. Maren har verkeleg stått på. Her har vi ei framtidig arkeologspire, seier Glenn Heine Orkelbog, fagleiar for feltarkeologi.

foto av skuleelev Maren som syner fram pilspissar
FUNN: Maren syner fram pilspissane, som sette ein ekstra spiss på den vêrmessig grå dagen ved kysten. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Maren sjølv har ikkje bestemt seg om det er arkeologien som kjem til å bli levebrødet i framtida, men held døra på gløtt.

– Kanskje – det er jo interessant, og det var veldig gøy å lære noko nytt. Det var vått og kaldt, men veldig kjekt, seier ho, og slår fast at høgdepunktet definitivt var å finne pilspissane.

Arbeidsdagen var i samband med Solidaritetsdagen (tidlegare Operasjon dagsverk) og var til inntekt for Kolibristiftelsen.

Frå yngre steinalder

Arkeolog Isabel Furesund Berge fortel at nokre av pilspissane stammar frå tidleg neolitikum eller starten på yngre steinalder, som er rekna frå ca. 4000 til ca. 1800 fvt.. Spissane har truleg vore brukte til jakt.

foto av fire pilspissar frå yngre steinalder
STEINALDERFUNN: Fire pilspissar frå yngre steinalder var noko av det arkeologane grov fram den dagen Maren var med. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Arkeologane var på jobb ved Alverstraumen i samband med at det skal byggjast ny bru over Alverstraumen i Alver kommune.  

For det er i slike tilfelle arkeologane til fylkeskommunen rykker ut. Dei undersøkjer om det finst automatisk freda kulturminne i område der det er planlagt utbygging, omregulering eller andre tiltak. Automatisk freda kulturminne er kulturminne frå før 1537. Og slike registreringar må ikkje forvekslast med ei arkeologisk utgraving, som museet gjennomfører. ​​​​​​​

Ved ei arkeologisk registrering skal arkeologane i fylkeskommunen påvise eventuelle kulturminne i eit område. Ved ei arkeologisk utgraving undersøkjer ein kulturminne og grev det ut.

skulelev på utplassering Maren Furesund Lein og arkeolog Lars Jølle Berge
I ARBEID: Maren saman med arkeolog Lars Jølle Berge, som også deltok i registreringa i Alverstraumen. (Foto: Vestland fylkeskommune)