Mangefarga stjernehimmel under bakken på Haukeland

– Dette er ein stjernehimmel djupt under bakken, seier kunstnar Inger Johanne Rasmussen. Ho har utsmykka den første underjordiske haldeplassen på Vestlandet. For første gong er kunsten på den nye Haukeland haldeplass for Bybanen vist offentleg.

GUL STJERNE: – Eg håpar den store, gule stjerna i midten, kan bli eit samlingspunkt, seier kunstnar Inger Johanne Rasmussen. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune
GUL STJERNE: – Eg håpar den store, gule stjerna i midten, kan bli eit samlingspunkt, seier kunstnar Inger Johanne Rasmussen. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Når Bybanen til Fyllingsdalen opnar i november neste år, skal 8000 reisande kvar dag tråkke over den hellelagde plattforma med kunstverket til Rasmussen, 30 meter under bakken. Kunstverket ha fått namnet «Melkeveien».

Eit samlingspunkt

– Eg har brukt geometriske element, forma som trekantar. Ved å snu og vende på dei, kunne eg danne mange forskjellige formar og fargar. Eg har brukt ein blå koboltfarge som er veldig klar, gult, raudt og grønt. Eg håpar den store, gule stjerna i midten, kan bli eit samlingspunkt, seier Rasmussen.

Inger Johanne Rasmssen er ein av dei mest kjende tekstilkunstnarane i landet, spesielt kjent for komplekse veggtepper. No har ho teke steget over i eit svært solid materiale, pigmentert betong, med tilslag av ulike steinsorter og farga glas.

Det er mykje arbeid og pussing for å få kunstverket på plass. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune
Det er mykje arbeid og pussing for å få kunstverket på plass. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Kortreist

Kunsthellene er kortreiste. Dei er produsert på Voss av Tunge Ting AS. Den lokale anleggsgartnaren i Bergen, Svein Boasson AS, har plassert kunsthellene på plattforma med millimeterpresisjon for å få det perfekte designet. 

I tillegg til stjernehimmelen på plattforma, skal haldeplassen få mindre installasjonar i same stil. Prosjekteringsleiar for design og arkitektur i Bybanen, Sølvi Marie Myrseth, fortel at den kunstnariske utsmykkinga også har ein funksjon.

Kunstverket er laga til som stjerner i mosaikk. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune
Kunstverket er laga til som stjerner i mosaikk. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Binde visuelt saman

– Den er plassert på ulike naturlege kvilepunkt på haldeplassen for å bidra til den gode reiseopplevinga med Bybanen. Uavhengig om dei reisande kjem frå nord eller sør, vil dei få små smakebitar av kunst undervegs, før det store «golvteppet» i plattformhallen blir synleg. Kunsten skal bidra til å binde haldeplassanlegget visuelt saman, seier Myrseth.

Kunstverket er plassert midt på plattforma. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune
Kunstverket er plassert midt på plattforma. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Kunst i offentlege rom

Kunstprogrammet for Bybanen er ein del av kunst i det offentlege rom som kulturavdelinga i Vestland fylkeskommune har ansvar for. Det er avsett tre millionar kroner til kunsten på Haukeland haldeplass. Prisen på sjølve haldeplassen er 700 millionar kroner.

­– Eg håpar dei reisande blir nøgde og møtest på den store, gule stjerna i midten, seier Inger Johanne Rasmussen.