Mange vil utsmykke det nye fylkeshuset

241 kunstnarar har meldt si interesse for å bidra med kunst til det nye fylkeshuset i Bergen. 66 av dei held til i Vestland.

Illustrasjon av det nye fylkeshuset i Bergen
NYBYGG: Fylkeshuset skal stå ferdig, og vere ferdig utsmykka, årsskiftet 2022/2023. (Illustrasjon: NSW Arkitektur)

– Dette er skikkeleg stas. Det er eit tydeleg signal om at det nye fylkeshuset blir sett på som ein attraktiv plass å få plassert kunsten sin. Vi set stor pris på at så mange kunstnarar ønskjer å bidra med kunst til Vestland fylkeskommune, seier Ronny Skaar, seksjonssjef for kunst- og kulturutvikling og medlem i kunstutvalet for bygget.

Kunstbudsjett på 6,5 millionar

Dei utvalde plassane for kunstutsmykking i bygget er i nokre tilfelle synlege også frå utsida. Det er planlagt fleire ulike delprosjekt med kunst i det nye fylkeshuset, og den samla budsjettramma for kunstprosjekta er 6,5 millionar kroner. Etter kvart vil det bli lyst ut konkurransar, og kunstutvalet vil også gi direkte oppdrag til kunstnarar.

– Fylkeshuset i seg sjølv blir eit signalbygg i bybildet, og prosessen med plassering av kunst både inne og ute blir spennande å følgje vidare, seier Skaar.

94 søknadar frå utlandet

Fylkeskommunen inviterte tidlegare i haust til ei open prekvalifisering for kunst i det nye fylkeshuset. Det betyr at profesjonelle kunstnarar kan melde si interesse for å levere kunst til bygget. Kunstutvalet for fylkeshuset går gjennom alle søknadane, som vil utgjere ein base for utvalet sitt vidare arbeid.

Totalt kom det altså inn 241 søknadar frå kunstnarar. 94 av dei er frå utlandet, frå både Norden og Europa. 147 norske kunstnarar har søkt, og 66 av dei har base i Vestland.

Det nye fylkeshuset skal stå ferdig midt i Bergen sentrum til årsskiftet 2022–2023 og vil bli eit symbol på openheit og transparens i Vestland fylkeskommune. Delar av administrasjonen for fylkeskommunen kjem til å ha kontorstad her, og delar av bygget blir leigd ut.