Løyver 3,9 millionar til å bygge ut hurtigladetilbod

Hovudutval for næring har vedtatt å dele ut midlar til å bygge hurtigladarar i Vestland.

FEM OPERATØRAR FÅR TILSKOT: Midlane frå Vestland fylkeskommune går til fem ulike hurtigladeoperatørar. Dei skal bygge nye hurtigladestolpar på 13 ladeplassar i fylket.
FEM OPERATØRAR FÅR TILSKOT: Midlane frå Vestland fylkeskommune går til fem ulike hurtigladeoperatørar. Dei skal bygge nye hurtigladestolpar på 13 ladeplassar i fylket.

Fem ulike hurtigladeoperatørar får tilskot. Dei skal til saman bygge 30 hurtigladestolpar på i alt 13 ladeplassar i fylket.

- Tiltaket skal vere med å sikre betre ladetilbod, slik at det skal vere praktisk å køyre elbil i heile fylket. Dette er med å utvikle eit framtidsretta Vestland både for innbyggjarar og næringsliv, seier Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring.

Han legg til at det har komme svært mange gode søkjarar til ordninga og at ladeplassane som no skal byggast ut vil gi mykje betre dekning, særleg i dei nordlege delane av fylket.

Utsleppsfrie nybilar i 2025

Regjeringa har som målsetning at alle bilar som blir solgt frå 2025 skal vere utsleppsfrie. Tal frå Opplysingsrådet for vegtrafikken (OFV) viser at fleire og fleire nyregistrerte bilar er elektriske. Om denne utviklinga held fram, er det sannsynleg at nær alle nye bilar i Vestland vil vere nullutsleppsbilar innan 2025.

Ein av stadene som no får ladestolpar er Bryggja i Stad kommune. Denne nye ladeplassen vil sørge for at det no blir mogleg å lade elbilar på vegen mellom Måløy og Nordfjordeid, ei strekning som i dag er utan ladetilbod.

Også lading for elbåtar

Ladeplassane i Valestrand, Måløy, Våge hamn og Bruvik på Osterøy skal byggast på kaianlegg. På desse ladeplassane skal det også vere mogleg å lade elbåtar. Elektriske fritidsbåtar har begynt å kome på marknaden, men ladetilbodet for denne type båtar er framleis lite tilgjengeleg.


Desse får midlar til å bygge ut hurtigladarar:


For meir informasjon om utbygginga av hurtigladeinfrastruktur og bakgrunnen for satsinga, sjå saksframlegget.