Kom med innspel til ny klimaplan for Vestland

Naturmangfald, klimafotavtrykk, klimarettferd, utsleppsreduksjon og klimatilpassing er nokre av stikkorda for klimaarbeidet til Vestland fylkeskommune. No er planprogrammet for regional plan for klima ute på høyring – og alle kan kome med innspel.

foto av to ungar som spring i lyngen.
KLIMAOMSTILLING: Vestland skal vere ein pådrivar for klimaomstilling, og då treng vi ein god klimaplan. No kan du vere med og påverke ved å kome med innspel til kva tema vi bør ha med i planen. (Foto: Maria C. Knagenhjelm)

Vestland fylkeskommune er i gang med å lage regional klimaplan. Vi er i ein tidleg, men svært viktig fase i prosessen når vi no lagar planprogrammet, som er «planen for planen». Her får vi på plass tema som skal utdjupast i den endelege planen.

Planprosessen er viktig

Fylkesutvalet har vedteke å sende planprogrammet på høyring, og fristen for å kome med innspel er 18. juni.

– Slik kan vi få ein god klimaplan, som hjelper oss å dra heile Vestland i same retning, nemleg mot målet om at vi skal vere ein pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp innan 2030, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Tre hovudområde

Utgangspunktet for klimaplanen er nemleg at Vestland skal vere ein pådrivar for klimaomstilling. Klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling er mål nummer to i utviklingsplanen for fylket, som fylkestinget vedtok i fjor haust.

I utkastet til planprogram som no er ute på høyring, føreslår fylkeskommunen desse tre hovudområda i planen:

  • utsleppsreduksjon
  • klimatilpassing
  • å sikre naturmangfald

Det er vidare valt ut fem plantema vi skal jobbe meir med basert på desse hovudområda.

Jo fleire, jo betre

Fylkesordføraren oppmodar alle delar av vestlandssamfunnet til å engasjere seg i dette viktige arbeidet: bedrifter, kommunar, lag og organisasjonar, ungdomsråd, privatpersonar, alle som vil.

– Jo fleire som engasjerer seg, jo betre grunnlag har vi for å lage ein grundig, relevant og godt forankra plan, seier Askeland.

Sjølve klimaplanen skal vere ferdig hausten 2022.

Har vi gløymt noko?

I høyringa på utkastet til planprogram kan alle kome med alt dei meiner er relevant. Er det noko vi har gløymt? Er det andre plantema vi bør vurdere? Manglar det viktige problemstillingar i arbeidet? Er opplegget for medverknad tilstrekkeleg? Alt av relevans for planarbeidet kan de no komme med innspel på.

Dette er ikkje ein plan for produksjon og distribusjon av fornybar energi, det vil bli handtert i ein eigen regional plan. Difor er det ikkje naudsynt å komme med uttalar kring det temaet no.

Les heile utkastet til planprogram for regional plan for klima.

Meir om arbeidet med regional plan for klima finn du her.