Inngår internasjonalt samarbeid om idretts- og fritidsanlegg

Vestland fylkeskommune blir medlem i den internasjonale foreininga International Association for Sport and Leisure Facilities (IAKS) Nordic.

foto av dagsturhytta i Masfjorden
FRILUFTSLIV: Medlemsskapet i IAKS Nordic skal gjere det lettare for Vestland fylkeskommune både å tileigne seg ny kunnskap og å dele kunnskap om eigne prosjekt, t.d. dagsturhytteprosjektet. (Foto: Gro Serine Baarøy)

IAKS jobbar med utvikling, etablering og drift av idrett- og fritidsanlegg. Som medlem får Vestland fylkeskommune tilgang til ein internasjonal arena for erfaringsutveksling, nettverksbygging og kompetanseheving.

Kjem mange til gode

– Dette samarbeidet vil styrke kompetansen internt i fylkeskommunen. Men eg er sikker på at det også kjem både kommunar, lag og organisasjonar i fylket til gode. Vi samarbeider med mange i fylket om både anleggsutvikling, og det å leggje til rette for at folk i fylket skal kunne vere fysisk aktive der dei bur, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Vestland fylkeskommune jobbar for at alle i fylket skal ha høve til å vere fysisk aktive kvar dag. Fylkesutvalet vedtok medlemsskapet i IAKS Nordic i møtet 2. juni.

Kunnskap og inspirasjon

Vestland blir den andre norske fylkeskommunen som melder seg inn i IAKS Nordic. Frå før er Viken medlem. Andre norske organisasjonar som er med er Norges fotballforbund, Kulturdepartementet, Tverga og NTNU. Medlemane får delta på arenaene til IAKS.

– Her får vi høve til å tileigne oss både kunnskap og inspirasjon som vi kan bruke når vi skal utvikle Vestland. Dette er i tråd med punkt tre i utviklingsplanen, om at vi skal skape gode lokalsamfunn. Medlemsskapet vil også gjere det lettare for oss å dele informasjon om våre eigne gode prosjekt, til dømes dagsturhytteprosjektet og prosjektet om nyskapande aktivitetsanlegg, seier fylkesordføraren.