Innfører kjønnsnøytrale titlar

Fylkestinget har vedtatt å innføre kjønnsnøytrale stillingsnemningar for alle tilsette i Vestland fylkeskommune.

NY TITTEL: Dagane der Rune Haugsdal kan kalle seg fylkesrådmann nærmar seg slutten. Frå 1. juli får han den kjønnsnøytrale tittelen fylkeskommunedirektør (foto: Vestland fylkeskommune).
NY TITTEL: Dagane der Rune Haugsdal kan kalle seg fylkesrådmann nærmar seg slutten. Frå 1. juli får han den kjønnsnøytrale tittelen fylkeskommunedirektør (foto: Vestland fylkeskommune).

Dette betyr at øvste leiar i fylkesadministrasjonen frå 1. juli 2021 skal ha stillingsnemninga fylkeskommunedirektør. Tittelen fylkesrådmann går dermed ut.

- Vestland fylkeskommune arbeider aktivt for å fremje likestilling og likeverd, både i samfunnet generelt og i eiga verksemd. Vi meiner det er eit viktig signal at dette også går fram av nemninga for den øvste ansvarlege leiaren i fylkesadministrasjonen, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Sentrale føringar

I forarbeidet til den nye kommunelova og under framlegget i Stortinget er det lagt stor vekt på eit ønskje om å gå bort frå nemningar som ikkje er kjønnsnøytrale. Regjeringa legg også stor vekt på at stillingsnemningar i offentleg sektor må vere heilt opne både for menn og kvinner. Dei har difor innført kjønnsnøytrale titlar i staten sine verksemder. For eksempel er nemninga fylkesmann endra til statsforvaltar.

Blir avdelingsdirektør

I samband med endringane i Vestland fylkeskommune blir også nemninga for leiarnivået under fylkeskommunedirektøren justert, for å unngå mistydingar. Den noverande nemninga «fylkesdirektør» blir difor endra til «avdelingsdirektør».