Indre Vestland må utvikle nye samarbeid

Gjennom å utvikle nye samarbeid og å nytte kvarandre sine restråstoff, kan Indre Vestland lykkast med det grøne skiftet. Det kjem fram i ein ny rapport frå prosjektet Grøn region Vestland.

5 personar sitt med avstand til kvarandre på rad på ei scene.
PANELSAMTALE: I panelsamtalen diskuterte deltakarane ulike utfordringar, til dømes tilgang på kraft, kapital og kompetanse. Frå venstre: Maria Helsengreen, EY, Alexander Solstad Ringheim, Invertapro, Asgeir Løno, Kitemill, Ingvald Torblå, Odda Technology og Hardanger Industri og Jøril Hovland, Kunnskapsparken Vestland og SIMAS. Foto: Ole Tommy Skare Hanssen, Vestland fylkeskommune.

Onsdag vart rapporten for Indre Vestland presentert på eit arrangement på Voss Kulturhus.

– Det grøne skiftet er noko vi har snakka om i årevis. No er vi endeleg der at ting byrjar å skje. Det er ikkje lenger eit alternativ å halde fram som før. Men, der det er utslepp, er det også moglegheiter, sa varafylkesordførar Natalia Golis i sitt opningsinnlegg.

– Vi strekk ut ei hand

Varafylkesordføraren poengterte at tida er knapp og at det hastar med å kome i gang med arbeidet. Men også at fylkeskommunen strekk ut ei hand og er klare for å gjere sin del.

– Vi har ikkje tid lenger. No krevst det handling. Og handling krev mot. Det å velje noko, å sette i gang ein prosess, det krev også at ein vel bort noko anna. Det kan vere tøft, men vi må ikkje vere redde for å ta desse debattane. Det er nettopp desse avgjerdene som gjer at vi beveger oss framover, sa Golis.

Kva driv naboen med?

I følge varafylkesordføraren kan samarbeid kan vere utfordrande, men det er også Vestland sin nøkkel til suksess i det grøne skiftet.

– Samarbeid er noko av det vanskelegaste som er, det er ikkje tvil om. I dag er det ikkje uvanleg at ein ikkje anar kva naboen driv med. Og då veit ein heller ikkje korleis ein kan bidra til at naboen kan lykkast. Kanskje sit vi på kunnskapen andre treng. Vi må bli flinkare til å identifisere samarbeidsmoglegheitene rundt oss. Vi må spele på same lag, sa varafylkesordførar Golis.

Sju konsept med stort potensiale

Rapporten for Indre Vestland har identifisert sju ulike konsept, som alle har stort synergipotensiale. Dette er konsept som vil bidrege til å nå klimamåla og som vil auke verdiskapinga ved å ta del i kvarandre sine verdikjeder. Fleire av desse konsepta er også inkluderte i  hovudrapporten frå prosjektet Grøn region Vestland.

Desse er løfta fram som så sentrale at både regionen og heile fylke må jobbe saman for å få dei realiserte. Til saman peikar rapporten for Indre Vestland på potensiale for 1.400 nye grøne jobbar, men også på eit investeringsbehov på 28 milliardar for å realisere dei ambisiøse planane. 

Årdal Teknologipark – rigga for framtida

Eit av konsepta som blir trekt fram i rapporten er Årdal Teknologipark. I Årdal har Hydro drive aluminiumsproduksjon sidan 1947 og produserer i dag med nokre av verdas lågaste energi- og CO2-avtrykk. Dei seinare åra har fleire industriaktørar dratt nytte av synergiar frå Hydro og det har vekse fram eit miljø med fokus på digitalisering, automatisering og robotisering.

I tillegg har eit sterkt fokus på sirkularitets- og berekraftsynergiar plassert Årdal Teknologipark i ein unik posisjon med tanke på kompetanse, samarbeid og innovasjon. Årdal metallverk har fokus på å minimere avfall og resirkulerer 70 prosent internt, medan tilgang på fornybar kraft og vatn gjer at produksjon av hydrogen er attraktivt. Ein arbeidar med å erstatte utslepp av fossile gassar frå produksjonen med grønt hydrogen for å redusere utslepp.

Sogndal – Noregs første smartbygd?

Eit anna av konsepta som blir løfta fram i rapporten er Sogndal sine planar for å bli Noregs første smartbygd. Sogndal kommune har over tid bygd seg opp til å bli eit knutepunkt for utdanning, forsking, offentleg sektor og næringsliv i Indre Vestland.

Å bli ei smartbygd inneber mellom anna digital infrastruktur med dataproduserte tvillingar av bygningsmasse i sanntid, kor ein kan teste ut ulike effektivitetsforbetringar.

Dette vil vere ein viktig ledd i å redusere utslepp og kostnadar, samtidig som ein kan effektivisere arealbruken. Sogndal har også sterke utdannings- og innovasjonsmiljø som mellom anna bidreg til å sikre regionen høg kompetanse og befolkningsvekst.

I tillegg er Digitaliseringsdirektoratet plassert i Sogndal og det er stort potensiale knytt til store digitaliseringsprosjekt i offentleg sektor.

Reiselivet må stå saman

Rapporten peikar på fem satsingar som Indre Vestland bør fokusere på i dei komande åra. Ein bør sørge for å utnytte regionen sin kraftfordel til å realisere dei industrielle hubane som Grøn region Vestland har peika ut. Vidare må ein utvikle nye samarbeid der nokre aktørar sine restråstoff inngår som inputfaktorar i andre aktørar sine verdikjede.

Regionen har veldig mange reiselivsaktørar, og det blir viktig å skape ei felles mobilisering for å forsere barrierane for utvikling av berekraftig reiseliv.

Rapporten trekk også fram viktigheita av at regionen blir enda betre på samarbeid og går saman om å utvikle regionale leveransemodellar inn mot dei store infrastruktur- og industriprosjekta i regionen. Indre Vestland må også tiltrekke seg fleire yngre innbyggarar gjennom å legge til rette for gode oppvekstvilkår og sosiale møteplassar.

Vestland går i front 

Grøn region Vestland er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg, i tillegg til kommunar, regionråd og lokale aktørar. Målet er å identifisere konkurransefortrinn, verdikjeder og satsingsområde med stort potensial for verdiskaping og grøn konkurransekraft. 

– Det er ingen andre fylke som har gjort dette før oss. Det har vore eit krevjande arbeid , men vi har også enda opp med eit svært godt kunnskapsgrunnlag. Vi driv ikkje med ting her i Vestland fordi det er enkelt og billeg. Vi driv med krevjande oppgåver som krev både kunnskap, ressursar og høg kompetanse. Det meiner vi at vi har alle føresetnadar for å fortsette med, også i framtida, sa Kristine Timberlid, avdelingsleiar i Innovasjon Noreg i sitt innlegg.

Fire regionale rapportar 

I arbeidet med Grøn region Vestland har ein delt fylket inn i fire regionar. Desse er: 

  • Indre Vestland (Hardanger, Sogn og Voss)  
  • Fjordane (Nordfjord, Sunnfjord og HAFS (kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Sollund))  
  • Bergensregionen inkl. Nordhordland  
  • Sunnhordland 

Vestlandsporteføljen er hovudrapporten frå prosjektet Grøn region Vestland og omhandlar Vestland fylke sett under eitt. I tillegg er det utarbeidd eigne rapportar for kvar region.