Grunnsteinen lagt ned for nytt fylkeshus

– Dette markerer starten på det som skal bli eit samlingspunkt for alle i Vestland fylke, sa fylkesordførar Jon Askeland då han la ned grunnsteinen for det nye fylkeshuset i Bergen sentrum.

OPNAR I 2023: Fylkesordførar Jon Askeland la ned grunnsteinen for nytt fylkeshus i Bergen.
OPNAR I 2023: Fylkesordførar Jon Askeland la ned grunnsteinen for nytt fylkeshus i Bergen.

Før jul vart det gamle fylkeshuset jamna med jorda, og det nye er no i ferd med å reise seg.

– Det er med glede og forventing me legg ned denne grunnsteinen. Det gamle fylkeshuset var ikkje i god stand. Det var på overtid med lekkasjar, dårleg ventilasjonen og høvde ikkje for samhandling. I 2023 får vi eit nytt fylkeshus til glede for både tilsette og politikarar. Dette blir samlingspunktet for alle i Vestland fylke, frå Ryvarden i sør til Stad i nord, frå Utvær i vest til Utladalen i aust, og eit signalbygg i vestlandshovudstaden vår, sa Askeland.

I grunnsteinen er det helsing frå alle ordførarane i dei 43 kommunane i Vestland, teikningar og foto av huset, pluss to aviser frå i dag, BT og BA.
I grunnsteinen er det helsing frå alle ordførarane i dei 43 kommunane i Vestland, teikningar og foto av huset, pluss to aviser frå i dag, BT og BA.

Skal utvikle fylket

Fylkesordføraren peika på at det nye fylkeshuset, gjennom administrasjon og politikk, skal utvikle fylket vårt.

– Dei siste månadane har vist oss at digitaliseringa kan knyta oss saman utan at me treng samlast. Likevel treng me å møtast. Koronaen har understreka verdien som ligg i fellesskapet. Derfor treng me dei fysiske rammene som fylkeshuset vil gje oss.

illustrasjonsfoto av fylkeshuset sett fra bygarasjen
Fylkeshuset sett frå Bystasjonen (aust).

Innsyn og utsyn

Fylkeshuset blir ope med store glasflater med både innsyn og utsyn.

– I Noreg er me vande med kort avstand mellom innbyggjarar og politikarar. Eg trur at framover vil tilliten til politikk krevje transparens og openheit i prosessane. Dette er sentralt i utforminga av det nye fylkeshuset. Her blir demokratiet aktuelt og tilgjengeleg for innbyggjarane fordi huset blir utforma slik at dei folkevalde kan sjå ut på innbyggjarane dei skal tene, og innbyggjarane kan sjå inn på dei folkevalde.

Helsegevinstar

Fylkeshuset har fleire målsettingar: Betre arbeidsmiljø, helsegevinstar, tenesteorientering og å vere tilpassa brukarane. Det skal bli meir fleksibelt, effektivt, og gje auka samhandling. Arkitektturen har lagt vekt at huset skal vere ope og karakterisere demokratiet.

– Vestlandet har vore i fremste rekkje for utviklinga av demokratiet i Noreg gjennom 1000 år. Gulatinget, og seinare Magnus Lagabøtes landslov, er viktige merkesteinar i vårt område. Såleis vart det første fylkestinget i Vestland konstituert i historiske Håkonshallen. Konstituering av neste fylkesting i 2023 vil skje i dette opne og flotte fylkeshuset, sa fylkesordførar Jon Askeland.

Helsing frå 43 ordførarar

Grunnsteinen er lagt ned to etasjar under bakkenivå og seks etasjar under det som skal bli det store, opne, demokratriske rommet i fylkeshuset, fylkestingssalen. Grunnsteinen inneheld ei helsing frå ordførarane i alle dei 43 kommunane i fylket. Dette understrekar ønskje om at fylkeshuset skal vere til gagn for både bygd og by i heile Vestland. I tillegg til helsinga inneheld skrinet også teikningane til huset og Bergens Tidende og Bergensavisen frå denne dagen.

Brevet med underskrifter av dei 43 ordførarane i Vestland fylke.
Brevet med underskrifter av dei 43 ordførarane i Vestland fylke.

Ferdig i februar 2023

Etter nedlegginga av grunnsteinen startar no reisinga av fylkeshuset. Det skal få to tårn, 15 og 13 etasjar høge, inkludert to etasjar under bakkenivå. Dei to tårna skal reise seg sakte framover. Når dei er reist, skal prefabrikkerte betongveggar på plass. Det tek ei veke pr. etasje. Om 10-11 månader skal det nye fylkeshuset vere tett. Deretter startar innreiingsarbeidet. I februar 2023 skal heile huset står klart til bruk.