Gir overskotsmidlar til reiseliv og fond for utsette kommunar

Vestland fylkeskommune gir til saman 10,9 millionar kroner til næringsutviklingstiltak for å dempe verknaden av koronapandemien.

MIDLAR TIL REISELIVSNÆRINGA: Koronapandemien har ramma reiselivsnæringa hardt. Vestland fylkeskommune gir no 5,5 millionar til ein tiltakspakke for reiseliv for 2021. Illustrasjonsbildet er frå Stegastein i Aurland.
MIDLAR TIL REISELIVSNÆRINGA: Koronapandemien har ramma reiselivsnæringa hardt. Vestland fylkeskommune gir no 5,5 millionar til ein tiltakspakke for reiseliv for 2021. Illustrasjonsbildet er frå Stegastein i Aurland.

Grunna utfordringane for næringslivet under koronakrisa bestemte Vestland fylkeskommune i fjor å dele ut midlar frå rekneskapsoverskotet for 2019. Utval for næring vedtok i ekstraordinært møte i dag kva dei resterande midlane av dette overskotet skal gå til.

Reiselivsnæringa hardt ramma

Dette inneber mellom anna å dele ut 5,5 millionar til tiltakspakke reiseliv for 2021. Desse kjem i tillegg til 2,8 millionar kroner til reiselivsinnsats som er vedtatt i budsjett for 2021, slik at det til saman blir 8,3 millionar.

- Reiselivsnæringa vart særs hardt ramma i samband med koronapandemien. Delar av næringa hadde ein bra sommar med nordmenn som kundar. No er den dystre kvardagen tilbake. Dei utanlandske gjestene som næringa skulle leve av utover hausten og vinteren, er her ikkje, og dei som lever av kurs- og konferansar melder om dårleg marknad. Dette gjer det svært viktig å støtte reiselivsbransjen, seier Tor André Ljosland (Krf), leiar i hovudutval for næring. Han legg til at fylkeskommunen gjennom heile pandemien har tatt eit ekstraordinært ansvar for destinasjonsselskapa.

Dei samla midlane til reiseliv blir fordelt slik:
  • Destinasjonsselskapa får til saman 6,5 millionar kroner:
    Destinasjon Voss 0,70 mill. kr
    Visit Bergen 2,0 mill. kr
    Visit Nordfjord 0,80 mill. kr
    Visit Fjordkysten 0,50 mill. kr
    Visit Hardangerfjord 0,70 mill. kr
    Sunnfjord Utvikling 0,45 mill. kr
    Samarbeidsrådet for Sunnhordland 0,50 mill. kr
    Visit Sognefjord 0,85 mill. kr
  • Bedriftsintern opplæring 0,3 mill. kr
  • Styrka FoU-innsats 0,3 mill. kr
  • Besøksforvaltning 0,4 mill. kr
  • Marknadsinnsats og fellesinnsats, mellom anna marknadsføring 0,8 mill. kr

Fond for utsette kommunar

I tillegg til å støtte reiselivsnæringa vedtok hovudutval for næring å setje av 3 millionar kroner til eit nærings- og utviklingsfond for utsette kommunar. Det er også vedtatt å setje av 2 millionar kroner i budsjett for 2021 til same føremål. Fylkesdirektøren vil seinare legge fram ei sak om konkret innretning på eit nærings- og utviklingsfond.

Oppfølging av scenariorapport

Vestland fylkeskommune var i førarsetet då næringsaktørar i fylket gjekk saman for å bestille ein scenariorapport om konsekvensane koronapandemien har for næringslivet i fylket. Rapporten som kom i haust blei utarbeidd av EY. Hovudutval for næring har no vedtatt å setje av 1,4 millionar kroner til oppfølging av arbeidet med scenarioanalysen i 2021. Dette inneber mellom anna utarbeiding av regionale analysar og bransjeretta analysar.

Av overskotsmidlane på 10,9 millionar står det igjen ein million som ikkje er fordelt. Desse midlane blir sett av til seinare bruk. Fylkesdirektøren vil kome tilbake med ny politisk sak om tildeling av desse midlane.

Habilitetsspørsmål

Den opphavelege saka om overskotsdisponering som låg føre til hovudutvalet sitt møte 12. januar omtalte også prosjektet Attraksjon Sunnhordland. Fylkesdirektøren si tilråding i samband med dette prosjektet vart berørt av problemstillingar kring habilitet. På grunnlag av dette sende hovudutvalet saka attende til administrasjonen. Administrasjonen har no gjort ei fornya vurdering, og utarbeidd ei justert sak til hovudutvalet sitt møte 22. januar. Den søknaden som er berørt av habilitetsutfordringar er trekt ut av saka og må behandlast av hovudutvalet på eit seinare tidspunkt.