Gir ekstraløyvingar til bedriftsintern opplæring
Fylkesutvalet aukar grensa for kor mykje støtte bedriftene i fylket kan få til bedriftsinterne opplæringstiltak. Kvar bedrift som søkjer kan no få inntil 2 millionar kroner.
Tidlegare var grensa på 800 000 kr, men Stortinget auka i februar ramma for bedriftintern opplæring (BIO-midlar) med 200 millionar som skal fordelast på fylka. 6. april blir det offentleggjort kor mykje kvart fylke skal få.
Koronatiltak
Fylkesutvalet gir no fylkesrådmannen fullmakt til å lyse ut ekstraløyvinga til bedriftsintern opplæring.
- Midlane skal gå til bedrifter som er ramma av pandemien. I vurderinga av søknader skal det leggast stor vekt på om tiltaket bidreg til å unngå permitteringar og få permitterte tilbake i arbeid. I tillegg gjev me med dette vedtaket no større fleksibilitet, i tråd med ønskjar frå partane i arbeidslivet, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Fagbrev på jobb
I vedtaket frå fylkesutvalet går det fram at retningslinjene skal opne for at midlane skal kunne nyttast til å ta fagbrev på jobb. Fylkesrådmannen får fullmakt til å revidere retningslinene for forvalting av midlar til bedriftsintern opplæring i dialog med partane i arbeidslivet.
BIO-midlane vil bli lyst ut i to rundar med fast søknadsfrist. Den første runden skal etter planen lysast ut den 12. april med søknadsfrist 15. mai. Runde nummer to blir lyst ut 7. juni og har søknadsfrist 1. august. Dersom det blir naudsynt, kan fylkesrådmannen justere tidsplanen.
Ansvaret for arbeidsmarknadstiltaket bedriftsintern opplæring (BIO) blei frå 2020 overført til fylkeskommunane.