Gir 37 millionar til utbygging av breiband i Vestland

Vestland fylkeskommunen deler ut midlar til breibandutbygging til tolv prosjekt i elleve kommunar.

STATLEGE MIDLAR: Tilskota til breibandutbygginga blir dekka med øyremerka midlar frå staten som fylkeskommunen deler ut (Illustrasjonsfoto: Shutterstock).
STATLEGE MIDLAR: Tilskota til breibandutbygginga blir dekka med øyremerka midlar frå staten som fylkeskommunen deler ut (Illustrasjonsfoto: Shutterstock).

Pengane skal delfinansiere utbygging i område der utbygging ikkje er kommersielt lønsamt, og gje hustandar og verksemder som i dag har under 30 Mbit/s breiband betre dekning. Fleire prosjekt kan få støtte om fylkeskommunen får ekstra midlar gjennom revidert nasjonalbudsjett.

Kommunane som no får midlar er Kinn, Ulvik, Hyllestad, Høyanger, Stad, Alver, Vaksdal, Fjaler, Voss, Bjørnafjorden og Gulen. Dette skjer på bakgrunn av vedtak i hovudutval for næring.

Ekstra midlar frå fylkestinget

Tilskota til breibandutbygginga blir dekka med øyremerka midlar frå staten som fylkeskommunen deler ut. Vestland har fått 22 millionar kroner frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til breibandutbygging. I tillegg til desse er det lagt til midlar som skriv seg frå eldre prosjekt og innsparingar. Fylkestinget vedtok i juni å sette av 10 millionar kroner ekstra til breibandutbygging. Desse midlane blir no nytta til prosjekt som hovudutval for næring har vedtatt å prioritere.

- Det er svært gjeldeleg at vi kan gje støtte til så mange av prosjekta som har søkt om midlar. Breibandutbygginga er ei viktig satsing for å sikre god digital infrastruktur i heile Vestland. Dette er grunnleggande både for innbyggarar, næringsliv og offentlege tenester i fylket, seier Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring.

Han legg til at god breibanddekning gir ein enklare kvardag for innbyggjarane i fylket. Det gjer det mogleg å jobbe heimefrå og til å ta i bruk alle digitale, offentlege tenester.

Fylkeskommunen skal koordinere anbodsprosessen for dei aktuelle kommunane, før det blir inngått utbyggingskontraktar mellom den enkelte kommune og breibandsleverandøren som vinn anbodet.

Desse kommunane får midlar til breibandutbygging:

Summane i tabellen viser maksimaltilskot. Dei kan bli justerte når endeleg kontrakt for utbygginga ligg føre.

Ekstra midlar

I revidert nasjonalbudsjett er det sett av 100 millionar kroner ekstra til breibandutbygging i heile landet. Vestland vil få om lag 8 millionar kroner av dette dersom det blir nytta same fordelingsnøkkel som tidlegare. Dersom det kjem fleire ekstra midlar til breibandutbygging i Vestland, før utlysing av neste konkurranse, tildeler fylkeskommunen midlar i tråd med følgjande prioriterte liste: