Gir 107 millionar til Innovasjon Norge og Siva

Hovudutval for næring har vedtatt å gi vel 75 millionar kroner til Innovasjon Norge og vel 31 millionar kroner til Siva. Midlane skal brukast til bedriftsretta ordningar og andre tiltak for nyskaping i fylket.

Illustrasjonsbilete-gründer-VLFK.jpg
OVERTOK ANSVAR: Bakgrunnen for tildelingane er at fylkeskommunane overtok oppdragsgjevaransvar for Innovasjon Norge og Siva sine bedriftsretta ordningar etter regionarforma (Illustrasjon. Foto: Jo Bergersen).

Bakgrunnen for tildelingane er at fylkeskommunane overtok oppdragsgjevaransvar for Innovasjon Norge og Siva sine bedriftsretta ordningar etter regionarforma. Dette gjeld mellom anna arbeidet med bedriftsnettverk, mentortenesta for gründerar, landsdekkjande etablerartilskot og næringshageprogrammet og inkubatorprogrammet.

Frå statsbudsjettet er det til saman overført kr 105 millionar kroner for 2021. I tillegg til desse gis det også eigne midlar til Siva frå fylkeskommunen sitt budsjett.

Lån og tilskot for bedrifter i distrikta

Av desse går 75,7 millionar kroner til Innovasjon Noreg. 65 millionar av midlane er øyremerkt for låne- og tilskotsordningar for bedrifter i distrikta.

Desse pengane vil i løpet av året bli fordelt gjennom tilskotsordningar innan ulike kategoriar. Bedriftene og næringslivet i distrikta kan så søkje på desse. Innovasjon Norge vil tildele pengane etter søknad.

- Me forventar at Innovasjon Norge Vestland skal bruke sin mangeårige erfaring og kompetanse til å vere ein samarbeidspartnar, og delta aktivt på dei arenaene som bidreg til å utløyse moglegheiter og møteutfordringane i regionen, seier Sigrid Brattabø Handegard, fungerande leiar i hovudutval for næring. Dette gjeld mellom anna i den regionale partnarskapen mellom Vestlandfylkeskommune, Siva og Forskningsrådet.

Ei sentral oppgåve for Innovasjon Norge Vestland, Vestland fylkeskommune og resten av den regionale partnarskapen vil i 2021 bli utforminga av eit handlingsprogram for Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næring.

31 millionar til Siva

Til Siva overfører fylkeskommunen til saman 31,6 millionar. I tillegg til midlane frå statsbudsjettet er denne overføringa finansiert av partnarskapsmidlar som tidlegare er løyvd av hovudutval for næring.

- Me forventar at Siva skal vere ein strategisk partnar og støtte for næringshage- og inkubatormiljøa i fylket, seier Brattabø Handegard. Ho legg til at Siva skal delta i den regionale partnarskapen mellom Vestland fylkeskommune, Innovasjon Norge Vestland og Forskningsrådet. Siva vil også bli invitert inn i oppfølginga av Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næring.

På bakgrunn av Siva sin modell for differensiering av stønad vedtok hovudutval for næring å dele ut støtte til ulike inkubatorar og næringshagar i Vestland.

Desse får midlar:

Sak_PS21_2021_tabell_.JPG


Erfaringa frå Hordaland og Sogn- og Fjordane fylkeskommunar er at programma til Siva er verdifulle verktøy i regional og lokal utvikling. Fylka har difor finansiert næringshagar og inkubatorar ut over dei midlane som har kome øyremerka frå statsbudsjettet.

Gjennom ei anna politisk sak frå januar i år (PS 11/2021) har hovudutval for næring sett av midlar til næringshagane og inkubatorar som skal overførast gjennom Siva sitt oppdragsbrev. 2,5 millionar av desse er dekka av fylkeskommunen sitt budsjett for 2021. Resten av midlane er frå statsbudsjettet.

Sak_PS21_2021_tabell2_.JPG