Går vidare med dagens bompengeinnkrevjing på Bømlo

Fylkestinget i Vestland vedtok 16. juni at dagens innkrevjing på Spissøy med to-vegs innkrevjing blir vidareført. Bompengeinnkrevjinga på ferjesambandet Langevåg- Buavåg skal fortsetje i heile bompengeperioden med kronepåslag på ferjetakst. Med denne løysinga vert det ikkje bomring rundt Svortland sentrum.

BØMLABRUA: Bompengeinnkrevjinga på Spissøy skal halde fram. (foto: Anne Nina Tveit Rikstad/Vestland fylkeskommune)
BØMLABRUA: Bompengeinnkrevjinga på Spissøy skal halde fram. (foto: Anne Nina Tveit Rikstad/Vestland fylkeskommune)

Fylkestinget viser til Bømlo kommune sitt ønskje om ei anna innretting av revidert Bømlopakke. Fylkesutvalet i Vestland har tidlegare uttala seg positivt til å sjå på nye formar for innkrevjing om det blir gitt opning for dette frå Stortinget.

Fylkestinget i Hordaland slutta 13. juni 2018 seg til revidert Bømlopakke som ei forlenging og utviding av dei vegprosjekta som vart planlagd i Bømlopakke 1. Det vart vedteke å etablere 4 nye bomstasjonar rundt Svortland, samtidig som bompengeinnkrevjinga vart føresett vidareført på Spissøy og på ferjesambandet Langevåg-Buavåg. Bømlopakka har vore gjennom ekstern kvalitetssikring som har sett på finansieringsgrunnlaget for revidert Bømlopakke.

Uvisse rundt inntektsgrunnlaget

– Eg har forståing av at kommunen har hatt eit ønskje om eit anna bompengeopplegg, og me i fylkeskommunen er kommunen sin medspelar, me støtta difor kommunestyret i Bømlo. Bakgrunnen for kommunen sitt ønskje, er at den eksterne kvalitetssikringa tyda på at kostnadene ved bomstasjonar rundt Svortland ville bli relativt høge samanlikna med meirinntektene, og usikkerheita for inntektsgrunnlaget ved dei nye bomstasjonane, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Ny stortingsproposisjon før valet

Fylkestinget vil no oppmode Samferdselsdepartementet om å fremje eit nytt utkast til proposisjon til Stortinget. Om det viser seg at proposisjonen ikkje kan bli fremja for Stortinget før stortingsvalet hausten 2021, ber fylkestinget om at den opphavlege proposisjonen etter fylkestinget sitt vedtak i juni 2018 vert fremja for Stortinget. Det vil i så fall bety bomring rundt Svortland sentrum med fire innkrevjingspunkt.