Frivilligheita trur på framtida etter pandemien

Korona har vore utfordrande også for frivilligheita i fylket. Likevel trur mange at det blir enkelt å gå tilbake til ein normalsituasjon når pandemien er over.

illustrasjonsfoto av ungdom og eldre med berbare pc-ar på bordet framfor seg
DET BLIR BRA: Frivillig arbeid som datakafear for eldre, idrettsaktivitetar, musikkøvingar og mykje anna har blitt satt på pause eller redusert under koronapandemien. Men frivillig sektor har trua på framtida likevel. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Det kjem fram i ei spørjeundersøking Vestland fylkeskommune har gjennomført blant frivillige lag og organisasjonar i fylket.

Målet med undersøkinga har vore å få vite meir om frivillig sektor i Vestland, og sjå kva som er styrker og svakheiter på ulike område. Organisasjonane har svart på spørsmål om blant anna synleggjering, økonomi, rekruttering og samarbeid.

Rekruttering og inkludering mest utfordrande

– Denne kunnskapen er viktig for at vi skal forbetre frivilligpolitikken vår og vere den beste medspelaren for frivilligheita. Fylkeskommunen skal vere ein støttespelar, tilretteleggjar og pådrivar for samarbeid. Då må vi vite kvar vi skal ha størst trykk, og kvar innsatsen vår trengst mest, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.

Torsdag 18. februar deltek han på og ønskjer velkomen til frivilligkonferansen «Det blir bra, men korleis?», som vil ta føre seg framtida for frivillige lag og organisasjonar.

I spørjeundersøkinga kjem det fram at dei ser på rekruttering og inkludering som dei to mest utfordrande områda. Mange peikar på at frivilligheita har behov for møteplassar og nettverk.

Viktig regional rolle

Kanskje er det det som er svaret på korleis det skal bli bra – ved å byggje opp nye møteplassar og nettverk – og å styrke dei som finst allereie.

– Her kan fylkeskommunen spele ei viktig rolle. Vi har eit regionalt blikk og kan bidra med blant anna rådgjeving, rettleiing, tilskot og å knyte lag og organisasjonar saman. Eg trur det å styrke arbeidet frivillig sektor gjer med rekruttering og inkludering er noko av svaret på korleis vi skal kome tilbake til normal aktivitet etter pandemien. Kanskje kan vi på denne måten også styrke frivilligheita, seier Davies.

Dekkjer heile fylket

Undersøkinga vart sendt ut til tillitsvalde og tilsette i fylkeslaga/dei regionale laga i organisasjonane. Både organisasjonar som dekkjer anten heile Vestland, tidlegare Sogn og Fjordane og eller tidlegare Hordaland er med. Lokale lag og organisasjonar utan regionalt nivå har ikkje vore med i undersøkinga.

Organisasjonar i kulturlivet, på idretts-, natur- og friluftlivsfeltet, barne- og ungdomsorganisasjonar og andre har delteke.

– Her har vi fått svar som dekker heile fylket, noko som er veldig bra for det vidare arbeidet vårt. Det er noko vi også tek med oss inn i arbeidet vårt med regional kulturplan, som etter planen skal vere ferdig hausten 2022, seier Stian Davies.