Frå fylkestinget til Stortinget
Vestland som teknologilandsdel, grøn omstilling i næringslivet, bukvalitet og samarbeid er sentrale tema for dei ferske stortingsrepresentantane Torbjørn Vereide (A) og Alfred Bjørlo (V).

Dei to har søkt fritak frå verva som fylkestingsrepresentantar etter at veljarane tidlegare i september gav dei adgangskort til Stortinget. Dei vart takka av på fylkestingsmøtet 29. september. Også Linda Merkesdal (A) forlet no fylkestinget til fordel for Stortinget, men ho hadde forfall til møtet i Sogndal.
Teknologilandsdel
Med seg frå fylkestinget fekk dei både blomster, ei gåve og store forventingar til korleis dei vil jobbe for fylket frå andre sida av langfjella. Begge er opptekne av teknologi og omstilling i næringslivet.
– Vi har alltid vore ein teknologilandsdel, til dømes når det gjeld kraft og prosessindustri. Den fagkompetansen skal vi utnytte også framover med omstilling og det grøne skiftet. Vi er ein landsdel med utfordringar, men med endå fleire moglegheiter. Om næringsliv, regionen – og ikkje minst vi – gjer jobben, så vil omstillinga framover gjere oss endå sterkare, slår Vereide fast.

Bukvalitet viktigare enn før
Bjørlo meiner det siste halvanna året har opna nye moglegheiter, og at bukvalitet blir eit stikkord framover.
– Det blomstrande næringslivet vårt kombinert med at vi ikkje lenger må flytte til Oslo for toppjobbar eller utdanning er viktig. Teknologi opnar for utflytting. Samtidig blir bukvalitetane på ein stad og i ein region stadig viktigare. Vi kan ikkje lenger styre arbeidsplassar til ein stad, og forvente at folk følgjer etter. Det blir grunnleggjande for fylket å jobbe saman med kommunane og andre om dette framover, seier han.
Saman og på tvers
På spørsmål om korleis dei vil jobbe for Vestland på Stortinget, kjem svaret kontant.
– Saman. Vi vil jobbe saman på tvers av partigrenser, og saman som ein vestlandsbenk. Tida for gamle fogderi og geografiske skillelinjer er forbi. Når vi samarbeider får vi til mykje, seier Vereide.
Dei er også opptekne av samarbeidet med forsamlinga som no har takka dei av.
– Fylkesordføraren og fylkeskommunen har under koronapandemien etablert eit nært samarbeid med vestlandsbenken på Stortinget. Det vart gjort som eit krisetiltak, men vi må halde på denne måten å jobbe på, meiner Bjørlo.
Fremste politiske arenaen
Det er med både ærefrykt og stoltheit både han og Vereide går til jobben med å vere med og forme politikk for heile landet.
– Det er rett og slett ein sjanse ein får ein gong i livet, til å vere med å styre landet i det øvste politiske organet og på den fremste politiske arenaen vi har, seier Bjørlo.
Fylkestinget er samla i Sogndal 29. og 30. september, men dei nye stortingsrepresentantane deltok berre fram til lunsj første dag.
Nye faste representantar i fylkestinget blir:
- Katrine Johannessen (A) for Torbjørn Vereide
- Eirik Haga (A) for Linda Merkesdal
- Agnes H. Bernes (V) for Alfred Bjørlo