Frå fylkeskommunedirektør til fylkesdirektør

Eit samrøystes fylkesting bestemde i dag at tittelen på den øvste administrative leiar i Vestland fylkeskommune skal vere fylkesdirektør.

foto av Jon Askeland og Rune Haugsdal
NY TITTEL: Rune Haugsdal fekk ny stillingstittel i løpet av fylkestingsmøtet i Sogndal 29. og 30. september. Fylkesordførar Jon Askeland og dei andre folkevalde kutta sju bokstavar og gjekk frå fylkeskommunedirektør til fylkesdirektør. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

Det var Anne Gine Hestetun som på første dag av fylkestingsmøtet i Sogndal tok initiativ til å endre tittelen. Ho fekk med seg dei 64 andre fylkestingsmedlemmane, og på dag to var ny tittel eit faktum.  

Praktisk tilnærming 

Fylkestinget vedtok i juni år å innføre kjønnsnøytrale stillingsnemningar for alle tilsette i Vestland fylkeskommune. Fylkesrådmann Rune Haugsdal vart då fylkeskommunedirektør Rune Haugsdal.  

Sidan då har både fylkestinget og andre politiske organ gjort seg nokre erfaringar med den åtte stavingar lange tittelen. 

– Det handlar om at dei folkevalde tykte 21 bokstavar og åtte stavingar vart for komplisert å uttale. Vi har ei praktisk tilnærming til det. Vi gjorde det kommunelova opna for i juni og gjekk for fylkeskommunedirektør. Det vart krevjande, og difor justerer vi no, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Nøgd med forenkling 

Den nyslåtte fylkesdirektøren er nøgd. 

– Det er ein enklare tittel som alle kan uttale, og det er ein tittel folk kjenner og hugsar. Det er så enkelt som det, seier Rune Haugsdal.