Først i verda med flyttbar skredsikring

Vestland er først i verda med ei mobil løysing for skredsikring, som er ein stålportal som skal settast opp i rasutsette tunnelmunningar. Fylkestinget har løyvt 46,4 millionar kroner til eit prøveprosjekt.

STÅLPORTAL: Tunnelmunninga ved Liarostunnelen i Samnanger kommune skal skredsikrast med den nye stålportalen i 2022, i eit prøveprosjekt hjå Vestland fylkeskommune. Foto: Vestland fylkeskommune
STÅLPORTAL: Tunnelmunninga ved Liarostunnelen i Samnanger kommune skal skredsikrast med den nye stålportalen i 2022, i eit prøveprosjekt hjå Vestland fylkeskommune. Foto: Vestland fylkeskommune

Løyvinga blei gjort i samband med budsjettet for 2022. Ein forstudie gjort av Vestland fylkeskommune viser korleis ein kan nytte Roadcap som ein heilt ny sikringsmetode. No skal løysinga blir prøvd ut ved Liarostunnelen på fv. 49 i Samnanger kommune.

Innovativt tryggleikstiltak

– Dette er ei heilt ny løysing som kan vere eit godt og kanskje rimelegare alternativ for skredsikring. Fylket vårt har alt for mange farlege skredpunkt, og det blir spanande å teste ut slike stålportalar ved tunnelar, seier fylkesordførar Jon Askeland.  Han er veldig glad for at Vestland kan vere innovative i arbeidet med å trygge vegane i fylket. Me treng å gjera meir og raskare i rassikringsarbeidet i fylket vårt, seier fylkesordføraren.

Slik kan den fleksible portalløysinga Roadcap sjå ut i terrenget. Illustrasjon: ROADCAP
Slik kan den fleksible portalløysinga Roadcap sjå ut i terrenget. Illustrasjon: ROADCAP

Utvikla i Noreg

Konseptet heiter Roadcap og er det einaste i sitt slag, og utvikla av ei norsk bedrift dei siste åra. Portalen er satt saman av transportable og samanleggbare prefabrikerte seksjonar i stål, og kan monterast opp på mindre enn eit døgn. Det er ein særleg effektivt reiskap mot ras ved eldre tunnelar som munnar ut i skredfarlege område. Det er dette fylkeskommunen no skal prøve ut, med eit hovudprosjekt ved Liarostunnelen på fv. 49. Her vil ein sette opp Roadcap i den rasutsette nordre tunnelmunninga.

Trygg og gjenbrukbar

Sikring av skredpunkt og tunnelportalar er eit risikofylt arbeid i skredutsett terreng. Ein stor fordel med portalløysinga er betre tryggleik og vesentleg mindre ulempe for trafikantane i anleggsfasen.
Portalen er i dag godkjent av Vegdirektoratet som ei mellombels sikring. Her er kravet at den skal tole nedfall på 5 tonn frå 100 m fritt fall, som er større enn kravet til betongportalar i dag.

Med lang levetid kan dei flyttast rundt til ulike prosjekt, som sikring i påvente av større tiltak. I Samnanger er det no lagt opp til eit portaloverbygg på 22 meter ved Liarostunnelen, og fylkeskommunen vonar portalen er på plass i løpet av 2022. Uttestinga har nasjonal interesse, og fylkeskommunen er i dialog med både Statens vegvesen og andre fylke gjennom Nasjonal rassikringsgruppe om samarbeid og utvikling av konseptet.