Førhistoria i Selje kjem fram frå flygesanden

Arkeologar frå Vestland fylkeskommune har grave seg tilbake til yngre steinalder i flygesanden på tomta til nye Selje hotell. Funna dei gjorde overgjekk forventningane.

foto frå arkeologiske registreringar i Selje sommaren 2021
GRAVRØYS: Arkeolog Lars Jølle Berge ved eine gravrøysa som er datert tilbake til jernalderen. Her kan vi også sjå tjukke kulturlag. (Foto: Vestland fylkeskommune)

– Konklusjonen er at folk har budd i og brukt området her nesten kontinuerleg frå yngre steinalder, altså tilbake til rundt 2000 år før vår tidsrekning (fvt.), og fram til i dag. Vi har funne både eldstadar og gravrøyser og fått ny kunnskap om det førhistoriske havnivået i området. Denne kunnskapen har tidlegare vore mangelfull, seier arkeolog Isabel Furesund Berge.

Ho fortel at det har vore utfordrande å grave i metervis tjukke lag med flygesand. Samtidig har den kalkrike sanden bevart unike arkeologiske funn, som gjev eit nytt innblikk i førhistoria i Selje og på kysten.

foto frå arkeologiske registreringar i Selje sommaren 2021
GODT BEVART: Grunna uvanleg gode bevaringsforhold er det beinmateriale i gravrøysene. Her tek arkeolog Lars Jølle Berge ut prøve frå eine gravrøysa. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Funn overgjekk forventningane

Tyngda av funna i Selje kan så langt sporast tilbake til jernalderen, frå 500 fvt. til 1030 evt.

– Vi får eit innblikk i kvardagslivet fleire tusen år tilbake. Til dømes utgjer bein frå pattedyr og fisk saman med skjell i flygesanden restane av middagsmaten som vart servert tidleg i jernalderen, fortel Berge.

Her er også funne steinreiskapar og keramikk og ikkje minst to gravrøyser frå jarnalderen. Arkeologane hadde forventningar om å finne både kulturminne og tileigne seg ny kunnskap då dei starta registreringane i Selje.

– Då det vart grave ut tomt for tidlegare Selje hotell i 1974, vart det gjort observasjonar av interessant arkeologi. Det som no er påvist overgjekk likevel dei forventningane vi hadde, både om kulturminne og havnivået, fortel Berit Gjerland, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune.

Ny kunnskap

Det var nemleg ikkje berre arkeologien som er interessant i profilveggane i Selje. Professor ved geovitskap ved Universitetet i Bergen, John Inge Svendsen, var også på staden og dokumenterte dei geologiske prosessane. I ei av sjaktene fann arkeologane eit tynt lag med pimpstein, som er ein viktig indikator på havnivået i eldre steinalder.

– Dette er viktig for oss arkeologar fordi menneska i steinalderen busette seg nær dåverande strand. Dei førhistoriske havnivåa har vore relativt lite undersøkte i tidlegare Sogn og Fjordane. Ny kunnskap er viktig for forståinga av landskapsutviklinga etter siste istid og set også nye premiss for arkeologane i framtida, seier Berge.

Sandprofilar som tidslinje

Registreringane i Selje vart gjort i samband med planane om nytt hotell i Selje sentrum. I fem dagar grov arkeologane korte og 5–6 meter djupe sjakter med gravemaskin og avdekte ei rekke spor etter menneske frå førhistorisk tid.

Dei høge sandprofilane kan lesast som ei tidslinje. Dei eldste og djupast bevarte kulturspora er frå aller siste del av yngre steinalder, 2300–1700 fvt. Funn av bein gjer at området gir eit sjeldan innsyn i samtidas fangst og fiske.

Arkeologane fann også spor etter eldstader som er daterte til eldre bronsealder, 1700-1100 fvt. Dei hadde lege høgare opp i sandprofilane.

foto frå arkeologiske registreringar i Selje sommaren 2021
DJUPE SJAKTER: Vanlegvis grev arkeologane sjakter, der dei fjernar jorda gradvis lag for lag for å undersøke om dei finn spor etter menneskeleg aktivitet. I Selje var ikkje dette mogleg, i og med at store delar av staden er dekt med flygesand. Arkeologane grov då heller 5–6 meter djupe groper på utvalde stadar og fekk slik kikkehol ned i fortida. (Foto: Vestland fylkeskommune)