Førde skal få sjølvkøyrande buss

– Med dette pilotprosjektet vil vi lære og få nye idéar, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at eit samrøystes fylkesutval har vedteke å setje i gang eit forsøk med lokal bussrute i Førde by, som skal vere sjølvkøyrande og elektrisk.

PILOTPROSJEKT: Den sjølvkøyrande elektriske bussen skal binde Førde saman.
PILOTPROSJEKT: Den sjølvkøyrande elektriske bussen skal binde Førde saman.

Bussruta skal gå frå riksveg 5 og ned til Ytre Øyrane der Campus Verftet ligg, og på den måten knytte saman Ytre Øyrane med resten av kollektivtilbodet.

– Ytre Øyrane er eit nedlagt verftsområde som er under utbygging. I dag går det ikkje kollektivtrafikk dit. Busstilbodet vil binde Førde saman og gjere det enklare for studentar, fastbuande og andre å reise. Førde skal gå frå å vere bilbyen, via sykkelbyen til å bli mobilitetsbyen, seier Askeland. 

Ny teknologi

Fylkesordføraren synest det er spennande å prøve ut teknologien med sjølvkøyrande bussar. 

– Dette er eit pilotprosjekt der vi vil vere med på å skape haldningar og perspektiv på ny satsing innan kollektivtrafikken. Prosjektet skal sikre innovasjon og læring om sjølvkøyrande køyretøy og om reaksjonen frå dei reisande. Piloten skal òg vere med på å marknadsføre studentbyen Førde og støtte opp under teknologiutdanningar ved Høgskulen. Vi har difor etablert ei brei samansett prosjektgruppe for å sikre brei involvering og felles læring, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Starte til sommaren eller hausten

Bussen vil binde rutebilstasjonen i Førde og anna kollektivtransport saman med området på Ytre Øyrane. Det blir lagt til rette for at den nye bussruta skal starte denne sommaren eller hausten. Prøveperioden skal vere fire månader, med mogleg lenging inntil sju månader. Kostnaden i prøveperioden er kalkulert til om lag tre millionar kronerSamarbeidspartnarane Skyss, Sunnfjord kommune, Sunnfjord Utvikling, Høgskulen i Vestland og Helse Førde søkjer om prosjektstøtte ulike stader. Lengda på pilotprosjektet vil avhenge av finansieringa.

Kan bli permanent

– Vi ser òg behovet for eit permanent transporttilbod i Førde. Etter evaluering skal vi vurdere om tilbodet skal forlengast som pilot eller etablerast permanent. Vi har lagt særleg vekt på at dette er eit tiltak som er starta lokalt, og som blir støtta av kommunen, høgskulen og Helse Førde, seier fylkesordførar Jon Askeland.