Felles takst- og sonestruktur for kollektiv i Vestland

– Innan sommaren er felles takst- og sonestruktur på plass i heile fylket. Dette vil gje fleire reisande rimelegare kollektivreiser, seier fylkesordførar Jon Askeland etter vedtaket i fylkestinget.

BILLEGARE: For dei fleste reisande i Sogn og Fjorande vil billettprisen gå ned. Foto Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune
BILLEGARE: For dei fleste reisande i Sogn og Fjorande vil billettprisen gå ned. Foto Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Dette inneber at sonemodellen for kollektivtrafikken, som frå før er innført i tidlegare Hordaland, blir utvida til å gjelde tidlegare Sogn og Fjordane, som blir delt inn i tre soner. Med dei sju sonene i Hordaland, blir Vestland dermed delt inn i 10 takstsoner. Innafor kvar sone blir det lik billettpris. For dei fleste i Sogn og Fjordane vil billettprisen gå ned. Sogn og Fjordane har hatt betydeleg høgare kollektivprisar på lengre reiser enn i Hordaland. 

– Med dette får vi ein felles og heilskapleg sonemodell for buss og bybane i heile Vestland fylke. Det blir lik takst, enklare å kjøpe billett og like reglar for alle. Dette vil forenkle kollektivtrafikken og forhåpentlegvis få fleire til å reise med buss. Det vil i så fall kunne påverke klimaet positivt, seier fylkesordførar Jon Askeland.  

Fogderigrenser

Dei tre nye sonene følgjer stort sett dei gamle fogderigrensene i Sogn og Fjordane. Den nordlege sona omfattar Stad, Gloppen, Stryn og nordlege del av Kinn. Den midtre sona omfattar Sunnfjord, Fjaler, Askvoll, Bremanger og sørlege del av Kinn, pluss Solund, Hyllestad og Høyanger nord for Sognefjorden. Indre Sogn blir ei sone med Aurland, Lærdal, Årdal, Vik, Sogndal og Luster. Gulen og Høyanger sør for Sognefjorden blir lagt til den nordre sona i tidlegare Hordaland som omfattar Masfjorden.  

Billegare for mange å reise

I dei 10 sonene er det er same billettpris innafor same sone, med påslag kvar gong den reisande passerer ei sonegrense. Dei som kryssar første sonegrense, får auka billettprisen med om lag 50 prosent, mens reise inn i enno ei sone aukar prisen med om lag 100 prosent. Det blir dermed slutt på at dei reisande betalar pr. kilometer. No blir det felles takst innanfor kvar sone uansett kor lang strekning passasjeren reiser. Dette vil føre til at det blir billegare å reise for mange. Spesielt dei som reiser over lengre strekningar, der kilometermodellen i dag gir en høg pris, vil merke at det blir mykje rimelegare.  

– Den nye sonestrukturen gir fylkeskommunen et berekna inntektstap på om lag 12 millionar kroner. På lengre sikt kan vi oppnå noko lågare drifts- og administrasjonsutgifter og redusert behov for ressursar. Dei same digitale tenestene som er innført i Hordaland, vil bli innført i Sogn og Fjordane innan sommaren, slik at dei reisande også kan nytte app og nettbutikk til billettkjøp, seier fylkesordførar Jon Askeland.  

Samarbeid med ekspressbussane

Fylkeskommunen ønskjer å halde fram samarbeidet med dei kommersielle ekspressbussaktørane, men avtaleverket er ikkje på plass enno, og dette er ein av tinga som vil bli arbeidd med i tida som kjem. 

Den nye sonestrukturen i Sogn og Fjordane medfører at det blir gratis for alle under seks år å reise kollektivt. Grensa for barnebillett blir heva til utgangen av året den reisande fyller 18 år. Ungdomsbilletten vart samordna i heile fylket ved førre prisjustering i januar 2021.  

Det er kalkulert at billettinntektene vil gå ned med 14,5 prosent med den nye sonemodellen. Det utgjer om lag 12 millionar kroner i høve 2019. På den andre sida er det håp om at den nye sonestrukturen vil føre til fleire reisande.