Fakta om gang – og sykkeltunnelen
Lengde
2900 meter. Breidda på sykkeltunnelen blir 6 meter. 3,5 meter blir sykkelfelt, 2,5 meter breidt felt for gåande. Felta er separerte frå kvarandre, eigne sykkelfelt i begge retningar og gåande i eiga lett opphøgd felt.
Tidsbruk
Å sykle vil ta mellom 8-10 minutt gjennom sjølve tunnelen. Frå Oasen til Haukeland vil det ta ca 20 minutt (5,6 km) og frå Festplassen til Oasen ca 25 minut (7,8km). For å setje dette litt i perspektiv tar det i dag ca 42 min. frå Oasen til Haukeland over Melkeplassen.
Gange, ca 40 minutt
Bybanen gjennom tar 3 minutt med ein gjennomsnittsfart på 60km/t
Temperatur
7 grader heile året
Kurvatur
Svak helling mot Kristianborg (40 moh) Fyllingsdalen ligg 60 moh. Dette vil ikkje bli opplevd som ei betydelig helling.
Opningstid
Sykkel- og gangtunnelen blir lukka med porter på nattestid.
Kameraovervaking
Det er full kameradekking i heile tunnelen. Videoovervaking ved kvar av inngangsportalane
Naudtelefonar
Dette blir kvar 250 meter i tunnelen. Kvar naudtelefon har også videoovervaking
Evakuering
Estimert 8-9 minutt frå brannstart til komplett evakuering til tverrslag. Gang- og sykkeltunnelen gir også tilkomst for ambulanse og andre køyretøy for evakuering
Infrastruktur i tunnelen
Under gang- og sykkeltunnelen er det lagt inn vatn og avløp, straumforsyning, fiber og fjernvarme.
Kostnader
Oppgraderinga frå rømmingstunnel til å bli gang- og sykkeltunnel er på 300 millionar kroner
Eigar
Vestland fylkeskommune er eigar og får driftsansvar for gang- og sykkeltunnelen etter at den er tatt i bruk.
Sykkelnettverk under bygging av Bergen kommune
- I Fyllingsdalen pågår arbeid med ein ny områdeplan som inkluderer sykkelveg rundt Lynghaugtjørna og Ortunvatnet og kopling vidare mot
- Eit forprosjekt er i gang for å tilrettelegge for sykkel på kommunale gater fram til sykkeltunnelen/Oasen.
- Gjennom Bergensdalen kjem det tversgående lokale akser mellom Fjøsangervegen og Nattlandsvegen.
- Kommunen arbeider også med å tilrettelegge for sykkel i området rundt Wergeland/Nymark/Brann stadion og mellom ny sykkelveg og Haukeland universitetssjukehus/Kronstad.
- Videre tilrettelegg kommunen for sykkel i Solheim/Løbergsvegen og for koplingar mot Årstad og Mannsverk