Endra køyremønster over Torget og Bryggen i sommar
Frå 3. juli til 15. august er det ikkje mogeleg for privatbil og motorsykkel å køyre gjennom sentrum via Torget og Bryggen.

Alle delar av sentrum er tilgjengeleg, men gjennomgangstrafikken må køyre via Fløyfjellstunnelen. Frå sør blir det stengt for innkøyring til Torget frå krysset Småstrandgaten/ Strandgaten. Frå nord blir det stengt for innkøyring til Bryggen ved Bradbenken.
Ope for kollektiv og varelevering
– Buss, taxi og moped vil framleis kunne køyre over Torget og Bryggen. Varetransport over Torget mot nord vil vere mogeleg alle dagar mellom klokka 05.00 og 15.00, seier prosjektleiar Are Mossefinn Sandvik i Vestland fylkeskommune.
Det blir sett opp både trafikkskilt og informasjonsskilt langs innfartsårene. Stengepunkta i sentrum er døgnbemanna.
– I år blir Fjellsiden stengd for gjennomkøyring. Dette gjer vi for at bebuarar i området ikkje skal oppleve auka trafikk og ulemper som følgjer med det, seier Sandvik.
Trivelegare byrom
Det er i regi av Miljøløftet at Torget og Bryggen i år får sommarfri for biltrafikk.
– Målet er å gjere byrommet trivelegare og grønare. Vi flyttar nesten 10 000 bilreiser ut av sentrum kvar einaste dag med dette tiltaket. Det gir mindre støy og forureining, gjer byen enklare og tryggare for mjuke trafikantar, og fører til at kollektivtrafikk og vareleveringa kjem seg raskare fram, seier Thor Haakon Bakke, byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen kommune, som er ein av partane i Miljøløftet.
Prosjektet har hatt dialog med både næringsliv, reiseliv og velforeiningar som ein del av førebuingane på det som skal skje i sommar.
Gi tilbakemelding
Vi oppmodar bebuarar, trafikantar og næringslivet til å komme med tilbakemeldingar. Sjekk også ut korleis du skal køyre i sentrum. Begge deler finn du på miljøløftet.no.
Det er Vestland fylkeskommune som gjennomfører tiltaket på vegner av Miljøløftet.