Ella utfordra fylkespolitikarane
– De må vere effektive. Vi har ikkje tid til anna, sa Ella Gjeraker då ho delte tankane sine om framtida på nyttårsmøtet 2021. Ho er ei av mange som meiner noko om korleis vi skal setje utviklingsplanen for fylket ut i livet.

Fylkesordføraren og fylkesvaraordføraren hadde invitert til nyttårsmøte på Voss 5. januar. Men med meldingane som kom frå regjeringa søndag 3. januar, vart eit fysisk møte umogleg å gjennomføre.
Opna med ungdomen
– Som offensiv fylkeskommune avlyser vi ikkje. Vi omstiller. Vi justerte programmet noko, men hovuddelen vart heildigital og gjekk som planlagt, sa fylkesordførar Jon Askeland.
Møtet er ein møteplass for fylkeskommunen, næringsliv, lag, organisasjonar, politikarar, kommunane og andre. Hovudtemaet i år var utviklingsplanen for 2020–2024. Fylkestinget vedtok denne i september, men korleis går vi frå ord til handling?
– I år som i fjor startar vi med tankane til ungdomen. Openheit er ein kjerneverdi i Vestland fylkeskommune, og det betyr at vi skal tørre å gje ungdomen både ordet og mynde, sa fylkesvaraordførar Natalia Golis og gav ordet til Ella Gjeraker, som er elev ved Voss gymnas.

Lite konkret utviklingsplan
– Eg har alltid gleda meg over livet og til framtida. Eg gler meg til å reise ut og studere og leve, men så kan eg tenkje meg tilbake til Voss, spesielt til naturen. Men så kjem eg på endringar som ikkje er så positive. Om vi har klart å gjennomføre middels klimatiltak, er det på Voss to grader varmare om 80 år enn i dag. Det betyr meir regn og styrtregn. Og vi som bur på Vestlandet veit kva regn betyr, og kva det kan føre med seg, sa Gjeraker.
Ho trur ikkje det er nok at alle gjer litt. Gjeraker slo fast at både Noreg og Vestland kan gjere ganske mykje meir for å redusere klimagassutslepp.
– Utviklingsplanen viser at de er klare over tilstanden, tek i bruk FN-måla og tenkjer på framtida. Men eg håpar de verkeleg forstår kva som står der, og kva tiltak som krevst for å løyse problemstillingane. Det står det lite konkret om. Poenget er at de må vere effektive, vi har ikkje tid til anna, sa ho.
Må starte med politikk
Biolog og professor ved Universitetet i Oslo, Dag O. Hessen, roste Gjeraker, men slo også fast at vi ikkje nødvendigvis er på veg utfor stupet. Han meiner at det er opp til oss sjølve kor ille det kjem til å gå, at noko faktisk har blitt betre, medan andre ting har blitt verre.
– Miljøbevisstheita og reinseteknologien er blitt betre. Vi har nokre sigrar når det gjeld forsuring, ozon og visse miljøgifter. Men så har andre ting blitt verre, som klima, artsmangfald og andre miljøgifter, sa Hessen.
Han gjentok Gjeraker sitt poeng om at det ikkje er nok at alle gjer litt.
– Vi må starte med politikk. Vi har mange historiske vippepunkt å vise til, som røykelova og opphøyr av slaveriet. Det var sagt at det var umogleg, men i ettertid tenkjer vi «kvifor gjorde vi ikkje dette før?». Kanskje kan vi bruke det vi no har lært av koronakrisa og gå mot ein berekraftig klode. Vi har moglegheiter som vi aldri har hatt før, sa Hessen.

Klima og miljø som premiss
Tema for første del av nyttårsmøtet var mål 2 i utviklingsplanen: klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling. I tillegg til Gjeraker og Hessen, fekk vi perspektiv og synspunkt frå Simen Bjørgen i Kulturminnefondet, Anders Felde i Vestland bondelag og Gabriel Fliflet i Naturvernforbundet i Hordaland.
Bodskapen frå Bjørgen og Kulturminnefondet var at det nesten alltid løner seg å bruke oppatt og restaurere, heller enn å byggje nytt. Fondet gir mykje støtte til restaureringsprosjekt, og mottoet er «vern gjennom aktiv bruk».
– Det er tre gode grunnar til å ta vare på kulturmiljø. Det er bra for den kollektive hukommelsen vår, det er bra for miljøet, og det tek med nye verdiar inn i framtida, sa Bjørgen.
Lovar plastrydding i landbruket
Felde i Bondelagdet lova at landbruket skal gjere sitt for at vi går rett veg inn i framtida, med tanke på både plast og ny teknologi.
– Vi greier nok ikkje å kvitte oss heilt med plast i landbruket, men vi skal ta initiativ til ryddeaksjonar og bli flinkare å halde orden på plasten, slik at han ikkje hamnar i naturen. Elles er to av satsingsområda i klimaplanen for landbruket at vi skal få til både fossilfri maskinpark og fossilfri oppvarming innan 2030. Vi ser at ny klimateknologi kan revolusjonere landbruket, og vi har innovative bønder som vil prøve nye ting. Slik skal vi få til høg produksjon med låge utslepp, slo Felde fast.

Frå kvantitet til kvalitet
Fliflet i Naturvernforbundet snakka i klare ord og vendingar til både politikarar og andre som følgde nyttårsmøtet. Han meinte dei to hovudtemaa for møtet – klima og miljø som premiss for samfunnsutviklinga og styrka vekstkraft i heile fylket – strir mot kvarandre.
– Vi får ikkje meir areal enn det vi har i dag. Tida har kome for å setje strek, vi må forvalte arealet på anna måte. Vi kan ikkje auke energiforbruket, kjøpekrafta og arealet vi nyttar. Vi må senke forbruket og reise mindre. Men det strir mot noko som ligg djupt i oss. Vi vil setje i gang, oppdage nytt land, gjere noko, seier Fliflet.

Han bad også fylkespolitikarane få fortgang i arbeidet med å lage ein regional plan for naturressursar og mangfald, og å setje krav når dei gjer innkjøp.
–Innkjøpsmakta gjev offentleg sektor ei historisk moglegheit til å setje ny kurs, sa han.
Samarbeid for å lukkast
Ny kurs er nøkkelomgrep også for å styrke vekstkrafta i næringslivet i fylket om vi skal tru scenariorapporten, som EY leverte i fjor haust. Samarbeid er eit gjennomgangstema for å få til store og gjennomgripande endringar i ulike bransjar i næringslivet.
– Vi må samarbeide på tvers av både verdikjeder og geografi. Klynger må koplast saman om vi skal få fram nye teknologiar. Utdannings- og forskingsinstitusjonane må koplast mot næringslivet. Dersom vi skal få den framtida vi vil ha, der vi nyttar alle moglegheiter, skaper nye arbeidsplassar og tek leiinga i eksportnæringa, då må vi lukkast med dekarbonisering i alle bransjar, sa Maria B. Helsengreen, Partnar i EY.
Green Deal i EU
For å lukkast internasjonalt, må vi kjenne til internasjonale krav og forventningar. EU er ein viktig marknad og lanserte i 2019 Green Deal, som handlar om at EU skal levere på miljø og grøne satsingar. Merete Mikkelsen er direktør Vest-Noregs Brüsselkontor og deltok på nyttårsmøtet for å fortelje korleis Green Deal påverkar Noreg.
– Dette ligg no til grunn for all ny politikk i EU og er premissleverandør for industri og næring i framtida. Noreg er tett knytt til EU, og Vest-Noreg er i ein unik posisjon til å bidra og dra nytte av Green Deal. Det handlar om å nå grøne mål og samarbeide, det handlar om å få til det beste for både innbyggjarar og lokalsamfunn, sa Mikkelsen.
Har lukkast i Førde
Eit selskap som har lukkast i ein tøff bransje er førdebaserte Tibber. Dagleg leiar, Edgeir Vårdal Aksnes, fortalde at utgangspunktet var at verda ikkje treng fleire straumselskap, og at Tibber er eit teknologiselskap som sel blant anna straum. I 2020 gjekk selskapet frå 30 til 80 tilsette, og i løpet av 2021 reknar Aksnes med at det kjem til å auke med rundt 100 til.

– Eg såg nyleg Tibber på ei hyggeleg liste, der vi var eitt av ni selskap i Noreg som kan bli eit unicorn-selskap. Moglegheitene vi får rundt det, gjer at vi kan få til nye ting. Det hadde vore herleg om det første unicornet i Noreg kom i Førde og ikkje i Oslo, smilte den daglege leiaren.
Eit såkalla unicorn-selskap er ei gründerbedrift som i løpet av kort tid har blitt verdsett til meir enn ein milliard dollar.
Skal vere verdas beste vertsskap
Eit mål i utviklingsplanen er å styrke vekstkrafta i heile fylket, og ei positiv utvikling skjer ikkje nødvendigvis av seg sjølv. I Sogn har Sogn regionråd sett i gang prosjektet «Sogn for alle» for å sikre verdiskaping og meir vekst gjennom auka sysselsetjing og bulyst blant innvandrarar. Nestleiar Hilmar Høl fortalde at dei satsar på samarbeid for å lukkast. Det er laga arbeidsgrupper der kommunane, Nav, verksemder og frivillige organisasjonar deltek.

– Det må vere attraktivt å bli buande hjå oss. Vi må ta godt vare på dei som kjem og skal vere verdas beste vertsskap, slik at dei ikkje reiser att. Slik vil vi prøve å stabilisere, og kanskje også få til eit løft for folketalet i Sogn, sa Høl.
Blant aktivitetane regionrådet har fått i gang er eit mentorprogram, bedriftsnettverk, etableraropplæring, regionalt nettverk for foreldrerettleiing og regionalt norskkurs.
Fylkeskommunen som tuntreet
Koronapandemien har gitt utfordringar for heile samfunnet det siste året, og fylkesordførar Jon Askeland presenterte ferske tal for fylket på nyttårsmøtet. 3,6 prosent av arbeidsstyrken er no arbeidsledig.
– Dette er ein del høgare enn på same tid i fjor, men mykje lågare enn i starten av epidemien våren 2020. Det er relativt stabile tal for dei siste månadane, og arbeidsløysa er høgst i Bergen, Øygarden og dei typiske turistkommunane som Eidfjord og Aurland, sa Askeland.

Styrken til fylket ligg i fellesskapet og samspelet, meiner fylkesordføraren – vi blir sterke saman, og fylkeskommunen skal vere ein viktig lagspelar.
– Vi treng eit tuntre, eit tre som ragar litt opp i høgda, som samlar og gir liv, men som framleis gir alle fridom til å springe ut så ingen hamnar i skuggen. Fylkeskommunen vil vere det tuntreet, men då må vi sørgje for at vi har tillit hjå kommunar og innbyggjarar, slik at de kjem til oss, slo han fast.