Elev- og lærlingombodet gav tilrådingar

Digitale samlingar for lærlingar, meir oppfølging i bedrift og fleire med ekspertkompetanse i psykososialt læringsmiljø i skulane. Dette var nokre av tilrådingane elev- og lærlingombodet gav fylkestinget i si årsmelding for 2020.

Lærling  som jobber med et elektrisk apparat.
RÅD OG RETTLEIING: Oppdraget til elev- og lærlingombodet er å ivareta rettane og interessene til elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring i Vestland. Ombodet har ei rådgjevande og rettleiande rolle og er ikkje klageinstans.

– Årsmeldinga viser at det er viktig å ha nokon som jobbar for at elevane og lærlingane skal få den opplæringa og oppfølginga dei har krav på. Når elevar og lærlingar møter vanskar, er det avgjerande at dei har nokon å vende seg til med si sak, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Elev- og lærlingombodet er fylkeskommunen sitt ombod for elevar, lærlingar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring. Oppdraget er å ivareta rettane og interessene til elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring i Vestland. Arbeidet skal gjerast på eit fritt og uavhengig grunnlag. Ombodet har ei rådgjevande og rettleiande rolle og er ikkje klageinstans.

Tilrår digitale møte for nye lærlingar

Årsmeldinga gir fleire tilrådingar til kva som må gjerast for å betre elevar og lærlingars situasjon i bedrifter og på skular.Tilrådingane handlar mellom anna om at det må bli lettare for elevane og lærlingane å finne fram til rett informasjon om organiseringa av avdeling for opplæring og kompetanse og å få opplysningar om kontaktpersonar. Eit anna råd handlar om at det bør arrangerast fylkeskommunale digitale samlingar for alle nye lærlingar. Her skal dei få informasjon om overgangen frå skule til lærebedrift, om rettar og plikter, samt om kva fylkeskommunen kan hjelpe med.

I tillegg til dette rår ombodet til at rettleiingstenesta får meir ressursar i arbeidet med å følgje opp lærlingar og lærlingbedrifter ute i bedriftene.

Innsatsteam med spisskompetanse

Omboda meiner også at kvar vidaregåande skule bør ha tilsette med spisskompetanse på aktivitetsplikta etter mobbeparagrafen i opplæringslova. Dei tilrår også til at det blir oppretta eit innsatsteam med spisskompetanse som kan støtte skulane i arbeidet med komplekse saker.

Elev- og lærlingombodet skriv også at det er fint at fylkeskommunen no har lagt til rette for eit system der elevar lett kan varsle om mobbing eller andre kritikkverdige tilhøve. Dei legg til at det er bra at ein gjennom dette systemet også kan melde frå om brot på retningsliner for HMS.

290 førespurnader

Skuleåret 2020- 2021 hadde Vestland fylkeskommune omlag 22 750 elevar i vidaregåande skule, og 6500 lærlingar som fekk opplæring i bedrift. Samla har elev- og lærlingombodet registrert 290 førespurnader siste året, frå perioden frå 16. juni 2020 til 10. juni 2021. Av førespurnadene omhandla 186 av desse lærlingar, og 97 av førespurnadene omhandla elevar i skule.

Flest lærlingar som tar kontakt

I praksis handlar arbeidet til elev- og lærlingombodet om å vere tilgjengeleg for førespurnadar, informere elevar og lærlingar om deira rettar og plikter, halde innlegg for elevråd på dei vidaregåande skulane og å delta på ulike samlingar for elevar og lærlingar. Ut frå førespurnadene som elev- og lærlingombodet har fått ser vi at det er flest lærlingar som tar kontakt, og at det er fleire elevar ved offentlege enn private skular som tar kontakt.

Årsmeldinga til elev- og lærlingombodet var oppe som sak i fylkestinget 29. september. På same tinget vart òg årsmeldinga til mobbeombodet, som jobbar ut mot grunnskulen i fylket, lagd fram.