Digital undervising i ring 1 og raudt nivå på vidaregåande skular i ring 2

På grunn av at Bergen og fleire av kommunane rundt opplever utbrot både av den engelske varianten av koronaviruset og av den sørafrikanske varianten, blir det innført forsterka smitteverntiltak i desse kommunane. Det inneber at vidaregåande skular i ring 1 får digital undervising og i ring 2 går skulane over til raudt nivå frå i morgon, 8. februar.

elevb8072nb1000.jpg
MUTERT VIRUS: Det blir forsterka smitteverntiltak i vidaregåande skular i Bergen og ein del andre kommunar i fylket.

Dei forsterka tiltaka skal vare til og med 14. februar. Ring 1 er Bergen, Kvam og Ulvik. I ring 2 er det vidaregåande skuler i Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Ullensvang, Voss og Øygarden. 

Kommunane Eidfjord, Samnanger og Vaksdal høyrer til ring 2, men der har ikkje fylkeskommunen vidaregåande skuler.

– Skal klare dette godt

– Skulane i ring 2 treng måndag til å førebu raudt nivå og har difor digital undervising måndag. Elevane får melding frå skulen sin når dei skal møte fysisk på skulen. For elevane i ring 1 er det digital undervising i heile neste veke. Både elevar og lærarar har vore gjennom rundar med både digital undervising og raudt nivå tidlegare i pandemien, og eg er trygg på at vi klarer å få til eit godt undervisingsopplegg for alle òg i den kommande veka, seier Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør for opplæring og kompetanse.

Raskt og koordinert

Regjeringa kan vedta kva for tiltak som skal settast i verk i ein kommune og kringliggande kommunar når det er avgjerande å få sett i verk tiltak raskt og koordinert for å motverke smittespreiing. Difor er det no smitteverntiltak på nasjonalt nivå i ring 1 og 2. 

Ring 1-kommunar er utbrotskommunen og kommunar med tilknytting til utbrotet eller som har mykje kontakt med utbrotskommunen. 

Ring 2-kommunar er dei kommunane som ligg i randsona av ring 1-kommunane, og som òg har behov for å iverksette tiltak raskt som følgje av utbrotet. 

I ring 1 skal dei vidaregåande skulane førebu overgang til raudt nivå så snart smittesituasjonen tilseier det. 

Plikt om munnbind på kollektiv

I ring 1 og 2 er det no plikt om å bruke munnbind når du skal reise kollektivt for alle over 12 år. Alle vert bedne om å unngå unødvendige reiser. Dersom ein likevel må reise, bør ein så langt det er mogleg unngå å reise kollektivt.
Sjå reiseråd og annan informasjon frå Skyss