Den første årsmeldinga for Vestland er klar
Den første årsmeldinga for Vestland fylkeskommune syner blant anna eit godt økonomisk resultat, og korleis vi i 2020 jobba for å oppfylle visjonen nyskapande og berekraftig. Årsmeldinga skal leggjast fram for fylkestinget i juni.
Tenestene til fylkeskommunen vart som alt anna råka av koronapandemien i 2020. Over 20 000 elevar gjekk frå undervisning i klasserom til digital og tilpassa undervisning, og både i kollektivtrafikken og på tannklinikkane måtte drifta tilpassast. Det vart store endringar i både arbeidsmåtar og samarbeidsformer.
Sterkare saman
– Året 2020 har vist at vi er sterkare saman enn kvar for oss. Måten vi som samfunn har møtt koronapandemien illustrerer dette. Styrken som ligg i samspel og fellesskap har også vore avgjerande for dei resultata nye Vestland fylkeskommune oppnådde i det første driftsåret, skriv fylkesrådmann Rune Haugsdal i forordet sitt.
Han trekkjer også fram den fylkeskommunale økonomien, som ved starten av året var utfordrande, men som vart gjort opp i balanse med ein årsrekneskap på 216 mill. kr i pluss. Det var i stor grad takka vere statleg støtte, færre fysiske møte, mindre reising og innsparing i drifta.
Klima og miljø som premiss
Men 2020 var ikkje berre koronaåret. Det var også året der vi opna ein ny, stor vidaregåande skule i Åsane, der geovarme og solceller er hovudenergikjeldene. Det var året då vi opna Nordens største ladepark for drosjar på Flesland, og vi vedtok ein eigen plaststrategi – som første fylke i landet. I Sogndal starta bygginga av ei ny avdeling ved den vidaregåande skulen i heiltre/tre, der CO2-avtrykket blir berre 50 prosent av eit normalbygg. Andre nøkkelord er fossifri busstrafikk i bergensområdet og elektrisk ferjedrift.
Alt dette i tråd med visjonen om å vere nyskapande og berekraftig, og ikkje minst i tråd med målet i utviklingsplanen om at klima og miljø skal vere eit premiss for samfunnsutviklings i fylket.
Det er også noko av grunnen til at klima- og miljørekneskapen for Vestland fylkeskommune har fått stor plass i årsmeldinga for 2020. Her kjem det fram korleis fylkeskommunen som organisasjon arbeider med dette.
Ny vegavdeling
Oppbygginga av ei ny og stor vegavdeling med nye oppgåver var noko anna som prega Vestland fylkeskommune i 2020. Fylkeskommunane fekk 1. januar overført ei rekke oppgåver frå Statens vegvesen, og mange tilsette i vegvesenet fekk ny jobb i fylkeskommunen.
Avdelinga jobbar med store og mindre fylkesvegprosjekt, og nyskapande er eit stikkord i fleire av dei. Blant anna er det planlagt fleire gangbruer i kompositt, ein ny og klimavenleg metode for bruvedlikehald og den nye fartsdempande teknologien, Actibump.
Nyskapande organisasjon
Også på ei rekke andre område er nyskapande eit ord som går att. Heile organisasjonen har gjennomført eit stort digitalt kompetanseløft. Vi har lansert virtuelle assistentar (robotar) på fleire område, og vi gjennomførte Vestandscenario 2020. Det er ein analyse av kva moglegheiter og utfordringar fylket har når det gjeld grøn omstilling i møte med globale utfordringar.
Vi har utvida dagsturhytteprosjektet og fått på plass fleire hytter – per no 38 ferdige hytter rundt om i fylket. Vestland sit i førarsetet i eit nasjonalt nynorskprosjekt i Den kulturelle skulesekken og har starta prosjektet «Nyskapande aktivitetsanlegg» – som skal fremje folkehelse og fysisk aktivitet.
– Vi oppnådde mykje i 2020, og vi er i gang med å levere i 2021. Vi jobbar for å nå måla i utviklingsplanen, noko som skal gjere oss til det mest framoverlente fylket i landet innan klima og berekraftig utvikling, seier fylkesrådmannen.