Byggestart for frukt- og grøntpakkeri i Sogn
Fylkesordførar Jon Askeland stod for den offisielle oppstarten då Sogn Frukt og Grønt markerte byggestart for det nye frukt- og grøntpakkeriet på Håbakken i Lærdal.

I førre veke var det byggestart med fylkesordførar Jon Askeland, produsentar og støttespelarar som samla seg for ei markering av at bygginga av det nye frukt- og grøntpakkeriet i Sogn startar. Pakkeriet er på 6500 kvm.
Anlegget skal vere klart til bruk sommaren 2022, og kontrakta på arbeidet har ein verdi på 76 mill kr.
Viktig for vidareutviklinga
Pakkeriet blir viktig for vidareutvikling av frukt- og grøntnæringa i Sogn og skal handtere pakking av eple, pærer, plommer, morellar, bær, tidlegpotet og grønsaker frå sju kommunar i Sogn.
Fylkeskommuen støtta med 15 millioner
Bygningsmassen vil i tillegg til pakkeri innehalde kjøl, frys, Felleskjøpetbutikk, profileringslokale og kontor. Vestland fylkeskommune har saman med mange andre vore ein sentral bidragsytar til prosjektet gjennom å støtte pakkeridelen av prosjektet med 15 mill kr. Dette blei gjort gjennom eit vedtak i fylkestinget i Sogn og Fjordane i 2019.