Bybanen til Fyllingsdalen opnar 21. november 2022

Bybanen utbygging gir klarsignal for opning av linje 2 for passasjertrafikk måndag 21. november neste år. Bybanen til Fyllingsdalen blir bygd innanfor budsjett og innanfor planlagd byggetid.

KNUTEPUNKT: Stoppet ved Bystasjonen blir eit viktig knutepunkt i overgangen mellom buss og bane. Store delar av traseen til Fyllingsdalen får gras i sporet for å kunne bidra til god visuell oppleving. Foto: Mount Visual

–  Det å ha fastsett opningsdagen for Bybanen til Fyllingsdalen er viktig milestein i det største byutviklingstiltaket for Bergen. Vi har sett kva Bybanen har å seie for innbyggjarane og lokalsamfunna i områda der ho rullar i dag. Eg gler meg til å sjå at Fyllingsdalen - sentrum no får nytte av den ekstra draghjelpa ho vil gje, seier fylkesordførar, Jon Askeland.

Med den nye linja vil det ta sju minutt frå Kaigaten til Haukeland sjukehus haldeplass. Frå Fyllingsdalen vil det ta 9 minutt til Kronstad, 10 minutt til Haukeland sjukehus haldeplass, og 18 minutt til endehaldeplassen i Kaigaten.

Kronstad er eit byutviklingsområde tett på høgskulen og blir eit viktig byttepunkt mellom linje 1 og 2. Foto: Mount Visual
Kronstad er eit byutviklingsområde tett på høgskulen og blir eit viktig byttepunkt mellom linje 1 og 2. Foto: Mount Visual

Høge forventningar

Prosjektdirektør Roger Skoglie i Bybanen utbygging er strålande nøgd med å kunne opne linje 2 for passasjertrafikk om eitt år.

– Vi har eit viktig samfunnsoppdrag. Vi skal bygge Bybanen i Bergen innanfor planlagd byggetid, innanfor budsjett og etter føringane som ligg i ein politisk vedteken reguleringsplan. Det er høge forventningar både frå politikarar og publikum til at vi skal lukkast i dette oppdraget. Det klarer vi også i dette byggetrinnet til Fyllingsdalen, seier Skoglie.

Bybanen til Fyllingsdalen opnar for passasjertrafikk om eitt år. Foto: Mount Visual
Bybanen til Fyllingsdalen opnar for passasjertrafikk om eitt år. Foto: Mount Visual

Budsjett på 7,5 milliardar kroner

Bybanen til Fyllingsdalen har eit budsjett på 7,5 milliardar kroner, og har vore planlagd ferdig til årsskiftet 2022/23. Bybanen blir finansiert gjennom byvekstavtalen Miljøløftet.