Bøkkar får 50 000 kr i utviklingsstipend for tradisjonshandverk

Oddvar Gangstø frå Holmefjord er femte generasjon bøkkar. No får han stipend frå Vestland fylkeskommune for å utvikle og formidle kompetansen sin på dei tradisjonelle arbeidsteknikkane.

illustrasjonsfoto av tønne
KULTURARV: Bøkkarfaget er ein trua del av den immaterielle kulturarven her i landet, og stipendmottakaren vil gjere eit dokumentasjonsarbeid for å bli kjend med heile breidda i faget. (Foto: Shutterstock)

Ein bøkkar lagar tønner. Oddvar Gangstø har vore aktiv i faget sidan 1992 og har dei siste åra vore med i læreplannemnda for Udir i bøkkarfaget. Gjennom det arbeidet har han blitt klar over kor få bøkkarar som er att i Noreg, og kor lite dokumentasjon av teknikkar og arbeidsmetodar som finst.

Difor søkte han i vår på det nyoppretta utviklingsstipendet for tradisjonshandverkarar. Og 12. oktober vedtok hovudutval for kultur, idrett og integrering at det er han som får dei 50 000 kr.

Sterkt trua fag

– Bøkkarfaget er i dag ein sterkt trua del av den immaterielle kulturarven i Noreg. Gangstø syner gjennom søknaden sin at han både vil ta vare på og formidle faget vidare til andre gjennom å få godkjent Tønnegarden som lærebedrift. Det kan vere avgjerande for å sikre og utvikle bøkkarfaget i Noreg. Og det er mykje av tanken bak stipendet – å fremje handverksfagleg utvikling og vidareføre immateriell kulturarv til nye generasjonar, seier Stian Davies, leiar for hovudutvalet.

Gangstø ønskjer å gjere eit dokumentasjonsarbeid for å verte ein fagperson som kjenner heile breidda i bøkkarfaget. Det strekkjer seg frå eikefat, reparasjon og produksjon knytt til drikkevarer til den meir folkelege tønneproduksjonen knytt til fiskeri og lagring av varer.

Stor interesse

Det kom inn totalt ni søknadar om utviklingsstipend i tradisjonshandverk.

– Interessa for stipendet har vore stor med tanke på at dette er første gongen vi lyser ut og tildeler det. Det er høgt fagleg nivå på søknadane. Det syner at stipendet allereie har skapt stoltheit over og merksemd om viktig kulturarv og viktige tradisjonar i fylket vårt, seier Davies.

Etter at Vestland fylkeskommune etablerte utviklingsstipendet våren 2021, har andre fylkeskommunar følgt etter med liknande ordningar.