Ber om landstrøm til cruisetrafikken i Flåm

Vestland fylkeskommune vil gå i dialog med staten om etablering av landstraum i Flåm og be dei følgje opp Stortinget sitt nullutsleppsvedtak.

Cruisebåt til kai i Flåm.
UTSLEPPSFRITT: Frå 2026 må båtreisa til Flåm og verdsarvområdet skje utan utslepp. Aurland Hamnevesen har planar om å bygge landstraumanlegg i Flåm, noko som er støtta av ENOVA. Foto: Rolf M. Sørensen/Vestland fylkeskommune

Det har næringsutvalet vedtatt.

- Vi ønskjer med dette å seie klart frå at staten no må legge opp til støtteordningar som gjer det råd å realisere landstraum i Flåm, seier Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring.

Stor uvisse

Frå 2026 må båtreisa til Flåm og verdsarvområdet skje utan utslepp. Aurland Hamnevesen har planar om å bygge landstraumanlegg i Flåm, noko som er støtta av ENOVA.

Samtidig ligg det ei stor uvisse i denne investeringa. Dette fordi det i ein mellomperiode frå 2026 vil vere færre anløp og dermed lågare inntening på eit landstaumanlegg. Det er også uklart når det vil komme skip inn i fjorden att, sjølv med landstraumanlegg på plass.

For sjølv om det i dag finst nokre få skip som kan ta i bruk landstraumanlegget, er det ifølgje cruiserederia sjølve og Aurland hamn, ikkje cruiseskip som kan segle inn i Nærøyfjordområdet etter 2026 - sidan dei då må segle utsleppsfritt. Cruiserederia må først investere og bygge om skipa sine til nullutsleppsskip. Sjølv om det i ein mellomperiode vil knyte seg uvisse til kundegrunnlaget, vil det vere eit godt tiltak på sikt.

Svært kostbart

Det er svært kostbart å byggje landstraum til cruiseskip. For kaianlegget i Flåm er det estimert ein kostnad på 120 mill. kroner. Tilskotet frå ENOVA som dei har fått er på 27 mill. kr. Dette inneber ein svært stor risiko for Aurland kommune.

– Det er derfor viktig at regjeringa følgjer opp Stortingsvedtaket om å sikre etablering av landstraum i Flåm med midlar og garantiar, seier Ljosland.

Han legg til at det enno ikkje er kome noko forsikringar kring investeringa eller løyvingar til Flåm i samband med stortingsvedtaket.

Frist i 2022

Det hastar for Flåm å kome i gang med landstraumanlegget, men risiko og usikkerheit gjer at det første spadetaket ikkje er tatt endå. Det er eit krav frå ENOVA om at landstraumanlegget skal vere oppe å gå seinast 1. juli 2022. Stortinget ber også regjeringa om å sikre etablering av landstraum i Flåm innan 2022, slik at verdsarvfjordane har anløpshamn for cruiseskip også etter 2026.

1,5 millionar besøkande

Flåm, med om lag 400 fastbuande, har vore ein av Norges største cruisedestinasjonar. I 2019 kom det 1,5 million besøkande. Dette gjev store moglegheiter, men og store utfordringar for ei lita bygd og ein liten kommune. Reiselivsnæringa er livsgrunnlaget for dei fleste som bur og arbeider i bygda. Næringa er avhengig av dei besøkande og er blant anna bygd opp kring cruiseturismen.