Ber departementet få ned ventetida på spelemidlar

I Vestland var ventetida for å få spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i år om lag 3,5 år. No ber fylkesutvalet Kulturdepartementet gjere noko for å endre dette.

Foto frå Sotra Arena
IDRETTSANLEGG: Spelemidlane er del av overskotet til Norsk Tipping og går til anlegg for idrett og fysisk aktivitet over heile landet. Bildet er frå Sotra Arena på Straume. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Vestland var saman med Nordland fylket med lengst ventetid for å få spelemidlar. Seks andre fylke har også ventetid på over tre år. Det er store variasjonar blant fylka, og i Oslo var det i praksis ikkje noko ventetid i år. 

For trong ramme 

– Det er ei kjempeutfordring å få bygd anlegg med den lange ventetida vi har sett døme på i Vestland. Og det er særleg utfordrande for dei gode initiativa i frivillig sektor. Lag og organisasjonar må gjerne ta opp midlertidige lån, eller dei må rett og slett vente med bygging. Vi har høge politiske ambisjonar i Vestland, for å leggje til rette for idrett og fysisk aktivitet for alle og over heile fylket. Men slik det er i dag, får vi for lite pengar frå departementet til å oppfylle ambisjonane våre, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Fylkesutvalet vedtok fråsegna til Kulturdepartementet 22. september. 

Gode lokale initiativ 

Søknadsmengda til spelemiddelordninga har auka i Vestland fylke dei siste åra. Før søknaden om spelemidlar blir godkjent, må alle planar vere klare, og all anna finansiering må vere på plass. Då er det vanskeleg når ventetida for spelemidlar er mellom tre og fem år – og i enkelte tilfelle lenger. 

– Vi har mange flinke kommunar, idrettslag, friluftsorganisasjonar og grendelag rundt om i heile fylket. Dei tek tak i lokale initiativ knytt til både etablering og rehabilitering av anlegg, og dei lagar gode og grundige søknadar. Når prosjekt dreg ut i tid, er det fleire utfordringar. Blant anna kan kostnadane auke over tid, tilskot frå private organisasjonar kan ha ein tidsfrist, og det er gjerne eit presserande behov i lokalsamfunnet som skal dekkast. Difor er det så viktig at vi får ned denne ventetida, slår fylkesordføraren fast.

I fråsegna frå fylkesutvalet kjem Vestland fylkeskommune med tre forslag til korleis departementet kan gå fram for å få ned ventetida på spelemidlar. 

Tre forslag  

Det eine forslaget for å få ned ventetida er at ventetid bør inn som eit eige kriterium for tildeling. Slik vil fylke med lang ventetid få ein større del av den nasjonale potten. Dei tre kriteria i dagens fordelingsnøkkel er godkjend søknadssum, tal innbyggarar og anleggsfordeling.  

Det andre forslaget er å sjå tildelinga til nasjonalanlegg og/eller spesialanlegg i samanheng med tildelinga til «vanlege» anlegg i kommunane. Det blir ikkje gjort i dag. Eitt slikt anlegg er Granåsen skianlegg i Trøndelag, som er eit spesialanlegg for vinteridrett, men som også kan nyttast av lokalbefolkninga utanom konkurransedagar.  

Det tredje forslaget går ut på å leggje til ei formulering om å auke tildeling til område med lang ventetid i «Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet». Fylkesutvalet vil at denne formuleringa skal erstatte formuleringa om auka tilskot til utvalde geografiske område. 

Les heile fråsegna og meir om saka i saksframlegget til fylkesutvalet. Fråsegna vart vedteken slik ho står der.