Avduka minneplakett for Utøya-offera frå Vestland

- Denne plaketten skal vere for alle. AUF skal ikkje bere børa åleine, og det er eit håp at plaketten i si enkelheit også skal motivere oss alle til å jobbe for inkludering og kjærleik - og mot utanforskap, radikalisering og hat, sa fylkesordførar Jon Askeland ved avdukinga av minneplaketten på Bergen Katedralskole.

AVDUKA MINNEPLAKETT: Fylkesordførar Jon Askeland talar på markeringa der representantar for dei pårørande, fylkeskommunen, Bergen kommune, Bergen Katedralskole og AUF/Arbeiderpartiet deltok. Saksofonist Yvonne Jasmine Demirel spelte «Til ungdomen». Foto: Anbjørn Holme, Vestland fylkeskommune.
AVDUKA MINNEPLAKETT: Fylkesordførar Jon Askeland talar på markeringa der representantar for dei pårørande, fylkeskommunen, Bergen kommune, Bergen Katedralskole og AUF/Arbeiderpartiet deltok. Saksofonist Yvonne Jasmine Demirel spelte «Til ungdomen». Foto: Anbjørn Holme, Vestland fylkeskommune.

Det er ti år sidan terrorangrepet i regjeringskvartalet og på Utøya. Den nye minneplaketten ber namna på dei som blei drepne frå Vestland. Han heng på veggen utanfor Bergen Katedralskole i Kong Oscarsgate. På markeringa tysdag kom representantar for dei pårørande, fylkeskommunen, Bergen kommune, Bergen Katedralskole og AUF/Arbeiderpartiet.

Minneplaketten blei avduka av Ragnar Eikeland, far til Tore Eikeland som blei drepen på Utøya.

- Skal ikkje la oss kneble

Det var fleire appellar på avdukinga, og ein av dei var ved ordførar i Bergen, Marte Mjøs Persen:

- Vi skal ikkje la oss kneble. Vi skal snakke om det som skjedde, og kvifor det skjedde. Dette er den beste måten å heidre våre umistelege kameratar på. Vi skal kjempe mot hat, mot vold, mot høgreekstreme konspirasjonsteoretikarars forsøk på å svekke demokratiet. Det er vår plikt. Vi skal aldri tie, aldri gløyme, sa Mjøs Persen.

TIL MINNE: Minneplaketten på veggen utanfor Bergen Katedralskole ber namna på dei som blei drepne på Utøya frå Vestland. Foto: Anbjørn Holme, Vestland fylkeskommune.
TIL MINNE: Minneplaketten på veggen utanfor Bergen Katedralskole ber namna på dei som blei drepne på Utøya frå Vestland. Foto: Anbjørn Holme, Vestland fylkeskommune.

Støttar demokratiutvikling i Ghana

Bakgrunnen for at minneplaketten er sett opp på Katedralskolen, var eit initaiativ frå tidlegare rektor ved skulen, Hans Peder Vibe. To av dei drepne, Tore Eikeland og Monica Iselin Didriksen har begge vore elevar ved skulen.

Markeringa opna til tonane av «Til ungdommen» på saksofon, spelt av Yvonne Jasmine Demirel. Leiar for AUF i Hordaland, Endre Toft, som akkurat hadde vore på sommarleir på Utøya, heldt også ein appell.

I tillegg snakka fortalte rektor på Bergen Katedralskole Lise Holsen om korleis terrorangrepet 22. juli 2011 har påverka skulen. Ho hadde med seg Marita Westervik Henriksen, tidlegare elevrådsleiar på skulen og fylkeskasserar i Vestland AUF. Dei fortalte om korleis skulen gjennom fleire år har støtta Tore Eikelands legat.

Legatet er mellom anna engasjert i Ghana der dei arbeider for å gi unge utdaning og lære dei om politikk og demokrati. Skulen har årleg samla inn 100–150 000 kroner til dette prosjektet.

Forpliktar oss alle

Askeland avrunda markeringa med å seie at arbeidet for eit betre Noreg er vår felles ansvar og forpliktar oss alle. Derfor er plasseringa av denne plaketten riktig her kor ungdom vil vandra, og han rundar av med ein appell og ei forplikting:

- Som skuleeigarar må fylkeskommunen, kommunane og dei frittståande skulane aldri kvile i arbeidet med å sikre kvart enkelt menneske retten til å høyre til, vere inkludert og vere trygg.  Vi må heller aldri kvile i arbeidet for inkludering, for respekt, for toleranse og for kjærleik, og mot radikalisering, mot ignoranse, mot likegyldigheit og mot hat.

Dei som blei drepne på Utøya frå Vestland var:

Kevin Daae Berland
Silje Stamneshagen
Tarald Kuven Mjelde
Tore Eikeland
Monica Iselin Didriksen
Hanne Kristine Fridtun